Grunngjeving for tildeling av prisen 

Ingeborg Lunde - ei føregangskvinne som har teke vare på, utøvd og fremja kultur på ein måte som har sett varige spor langt utover Aurland sine grenser.

Ingeborg Lunde har vore ei aktiv kvinne i heile sitt liv som har vist stort samfunnsengasjement, og då særskilt innanfor område kultur.

Som ung kvinne reiste Ingeborg til England, og her arbeidde ho som sekretær i eit engelsk herskapshus. Her var ho frå 1950-1951. Ho kom heimatt til Aurland i 1951 og vart gift til garden på Lunde i 1952. 

I 1967 opna vegen til Lærdal, og same året opna Lunde Camping. Mange turistar kom til Aurland, og det var turistane som først spurte etter vevde teppe. Ingeborg byrja så smått å veve sjølv, og det vart starten på historia om Bestemors Vevstove. 

I 1968 vart Ingeborg fylkespolitikar i Sogn og Fjordane og sat der i åtte år. I 1976 vart ho valt inn i Kulturstyret i fylket, og dei skulle stake ut kursen for framtida si vidare kultursatsing i fylket.

I 1979 vart Ingeborg valt inn i kommunestyret, og vart så leiar i Kulturstyret i åtte år. I denne perioden skjedde det mykje på kulturområdet. Musikk og kulturskulen vart starta opp. Aurlandsmarsjen vart for første gong arrangert under Kulturdagane 26. juni i 1981. Året etter i 1982, vart marsjen lagt til siste helga i juli slik den no gjer etter 36 år. Det var Ingeborg Lunde som fekk ideen om å arrangere Aurlandsmarsjen, og saken vart vedteken i Kulturstyret.

Kulturdagane i Aurland kom til i 1979, og det etter ein førespurnad om Aurland hadde arrangement som kunne marknadsføre kommunen. Ingeborg Lunde sat då i Reiselivsnemnda og tykte dette var spanande. Ho tok utfordringa, og vart leiar for Kulturdagane. Dette vart til eit samarbeid i mellom Aurland Bondekvinnelag, Husmorlaget og Husflidslaget. Kulturdagane sette Aurland på kartet, og etter ein del år kom fleire andre bygder i fylket med eigne kulturdagar.

Ingeborg gjorde eit framifrå fantastisk arbeid med kulturdagane. Ho fekk fram dugnadsånda i bygdene. Ho oppmuntra alle til å syne fram det beste som var av lokalt handverk, mat, musikk og dans. Ho fekk òg vist fram eldsjeler ulike kunstnarar som målarar, keramikarar med fleire.

Ingeborg Lunde arrangerte joleselskap i Lensmannstova med helsing til det Norske Amerika. Dei som sto bak dette var Inforama Film i Sandvika. Det same filmselskapet sto bak invitasjonen Ingeborg fekk til å vere med på opninga av TV2 i Bergen i 1992. Ho skulle komme med skikkeleg heimelaga produkt frå Aurland.

Ingeborg starta med veving i vaksen alder. Ho har komponert mange vevde teppe der ho brukar tradisjon og nyskaping. Ingeborg har alltid ein bodskap i sine teppe, og kvart teppe er unikt. Ho har selt teppene sine til mange stader i Noreg, men òg ut i den vide verda. Etter å ha vore sjuk i ein periode, så kvikna ho raskt til att. Ho er framleis aktiv med vevstolen 86 år gamal, og ho er å sjå på Aurlandsmarknaden med sine vevearbeid. 

 - Me er stolte over å kunne heidre innsatsen til Ingeborg Lunde med Aurlandsprisen for 2016.