Møte vert på rådhuset i Aurland måndag 3. november 2014 kl 18.00.

Med på møte vert mellom anna seksjonssjef Gunn Eide frå Landbruksdirektoratet. Ho har
spisskompetanse frå handtering av naturkatastrofar i Noreg.

I tillegg kjem representant frå;

Norsk naturskadepool
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Politiet
Aurland kommune
Lærdal kommune

På møte vert det orientering om gjeldande rutinar og reglar for korleis og kor dei som er
ramma av naturkatastrofar kan få hjelp.

Det vert høve til å stilla spørsmål til dei frammøtte i plenum og kvar for seg.

Vel møtt!

Magnhild Aspevik
landbrukssjef