Tilbake til forsiden
 
  English  Deutch
Start søk

 Du er her > Forside 

Om Aurland
Aurlandshallen Aurlandshallen
Biletarkivet
Aurland barne- og ungdomsskule
Flåm skule
Barnehagesøknad
SFO-søknad
Musikk og kulturskulesøknad
Skjema - alle
Informasjon om demensomsorga i kommunen
Informasjon om kreftomsorg i kommunen
Offentleg informasjon om pandemi
Ledige bustadtomter
Søknad om boligtilskudd til utredning og prosjektering
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
NAV Aurland
Informasjon for turister Turisme/Tourism
Kyrkja i Aurland
Nettstadkart Nettstadkart
Kompetansekartlegging
HMT-handbok redigert 02.12.09
Bustøtte -søknad

  Aurlanshallen.no
  Gå til nynorske litteraturdagar
  Gå til Trudvang kino
  Gå til Aurland NU
   Gå til Nærøyfjorden Verdsarvpark
   Gå til Aurland Næringshage
   Gå til været
   Gå til Verdensarv
   Gå til Redd Barna
   Gå til WWF   Gå til Amnesty
Nynorske Litteraturdagar i Aurland 3.-5. nov. 2006

 

Aurland kommune skal helga 3. – 5. november arrangere første utgåve av Nynorske Litteraturdagar. Føremålet med arrangementet er å skape auka merksemd på og oppslutnad om nynorsk samtidslitteratur, og å gjera dette på ein folkeleg måte.

 

Mange av dei unike attraksjonane i Aurland vil vera arena for arrangementet og lyfta dei litterære opplevingane fram i lyset på ein særeigen måte. Nynorske Litteraturdagar vil by på mange kjende forfattarar og aktørar av nasjonalt format. Samstundes skal dette og vera ein arena der nye og spennande forfattarar skal få høve til å syna seg fram.

 

Hovudseta under Nynorske Litteraturdagar blir ærverdige Fretheim Hotel i Flåm, men både Flåmsbana og Nærøyfjorden vil vera arena for arrangement. Kva med ei litterær oppleving i Undredal stavkyrkje frå 1147, Otternes Bygdetun eller Borgund Stavkyrkje og Besøkssenter i Lærdal?

 

Ragnar Hovland, Frank Aarebrot, Erling Lægreid, Brit Bildøen og Per Inge Torkelsen er berre nokre av namna vi kan by på. Av musikalske innslag kan nemnast Karl Seglem og Håkon Høgemo. Eller kva med å oppleva Sting på nynorsk. Kjell Inge Torgersen og ensemblet ”Te i Sahara” har fått strålande kritikkar for debutalbumet sitt ”Aks av gull”, med 11 unike gjendiktningar til nynorsk av artisten Sting sine songar. Du kan oppleva dei under Nynorske Litteraturdagar fredag 3. november på Fretheim Hotell.

 

Med eit spennande og allsidig program ynskjer vi velkomen til ei innhaldsrik novemberhelg i Aurland.

 

Påmelding til arrangementet/kjøp av billettar kan gjerast hjå Fjord Oppleving.

 

Påmelding via web: http://www.fjordoppleving.no/

Epost: post@fjordoppleving.no

Tlf. 57 63 32 00

 

Spørsmål om arrangementet kan rettast til Aurland Prosjektteneste

Epost: post@aurlandprosjektteneste.no

Tlf. 57 02 10 30


Program for arrangementet



 
Sist endra: 03.10.2006
 
Utskriftsvenleg versjon  Utskriftsvenleg versjon    Tips ein ven


  Tilbake
 
Epost: post@aurland.kommune.no   Telefon: 57 63 29 00    Teknisk: Beathe E. Stentvedt    Redaktør: Eli J. Ohnstad   
L