Aurland kommune ligg i den sør-austlege delen av Sogn og Fjordane fylke, i ein indre fjordarm av den 204 km lange Sognefjorden. Aurland kommune grensar i sørvest mot Hordaland og i søraust mot Buskerud. I nordvest grensar Aurland mot Vik, og i nordaust mot Lærdal.
Aurland er ein fjord- og fjellkommune med 1687 innbyggjarar pr 1. januar 2009. Heile 1387 km2 av ei samla flatevidde på 1489 m2 er utmark, snaufjell, is og snø. Busetnaden er samla ved fjordarmane og i dei lægre dalføra i Nærøydalen, Undredal, Flåmsdalen og i Vassbygdi. Aurlandsdalen har ikkje fast busetnad, men ei mengd privathytter og turisthytter.
Naturen i Aurland er vill og vakker, med fjordarmar og dalføre som skjer seg inn mellom bratte fjellområde med toppar på over 1800 meter. Desse områda ligg i den høgalpine sona som er over 1400 moh. Høgste punktet er Blåskavlen på 1809 moh. 14.07.2005 vart Nærøyfjorden med på Unesco si verdsarvliste
Kommunen er delt inn i fire sokn: Vangen, Flåm, Undredal og Gudvangen. Vassbygdi høyrer til Vangen sokn.
|
Aurlandsvangen |
|
|

|
Soknet har litt over 1100 innbyggjarar, og ligg ved fjorden og er kommunesenter. Her er kaianlegg og småbåthamn. Som følgje av kraftutbygginga auka tilflyttinga til Aurland, og etter 1970 kom det nye bustadområde rundt sentrum. Dei kommunale serviceorgana er lokaliserte til Vangen. Rådhus, post i butikk, bank, politi, legekontor, alders- og sjukeheim, matbutikkar, bibliotek, kino, kyrkje, barnehagar og skule. Aurlandselvi, som er særleg kjend som ei god sjøaureelv, renn ut i fjorden ved Vangen. Verdas lengste vegtunnel, til Lærdal (24,5 km), gir Aurland samband austover. Vegen vart opna 27.11.2000.
(Namnet Aurland kjem frå "aur" –grus eller sand og "vang", som tyder mark eller eng) |
|
Flåm |
|
 |
Soknet har 370-380 innbyggjarar og ligg inst i Aurlandsfjorden, og er det nest største soknet i kommunen. Busetnaden er lokalisert til området rundt sentrum, og til den nedre delen av Flåmsdalen. Hovudnæringa er jordbruk, med flatt og fint jordbruksareal i dalbotnen. I dei seinare åra har turismen teke meir og meir over, og Flåmsbana er eit av dei mest ettertrakta turistmåla i landet. Cruiseskipa, med godt over 100 skip i sesongen, gjer at det er eit yrande liv i hamneområdet. Opptakten til turistnæringa starta allereie på slutten av 1800-talet, då turistane kom for å fiske i Flåmselvi. Flåm har både barnehage og barneskule med SFO.
(Flåm tyder "Flat slette") |
|
Gudvangen |
|
|

|
er ei lita jordbruksbygd som ligg inst i Nærøyfjorden. Her bur det omlag 90 menneske. Turismen er viktig sommarstid med cruiseskip på fjorden. Turistrafikken tok til alt på slutten av 1800-talet. Her går det veg vidare til Voss, opp dei kjende Stalheimskleivane. I 1991 opna Gudvangatunnelen (11,4 km), som er ein del av den fergefrie heilårsvegen mellom Oslo og Bergen.
(Dei lærde er usamde om tydinga av namnet. Ein meiner den fyrste lekken ("Gud" ), kan ha opphav i norrøn mytologi eller at han har samanhang med landskapet ("God"). "Vang" tyder eng eller mark. |
|
|
|
|
Undredal |
|
|

|
er ei lita grend ved Aurlandsfjorden med om lag 80 innbyggjarar. I midten av april i 1988 fekk bygda vegsamband med resten av kommunen. Før det måtte ein ty til fjorden for å koma til kommunesenteret eller andre stader. Den sentrale næringsvegen er jordbruk, der geitehaldet er viktigast. Undredal er kjent for produksjonen av geitost. Bygda har 4 geitebønder. 3 av geitostprodusentane eig og driv ysteriet, som årleg produserer om lag 14 tonn brun og kvit geitost. Sjå elles heimesida til ysteriet som har nettadresse: www.undredalsost.no
Den vesle kyrkja frå 1147 er blitt svært kjend. Ho er ei av dei eldste i landet og den minste i Skandinavia som framleis er i bruk – ho har om lag 40 sitjeplassar.
Undredal hadde både skule og barnehage, men dei er ikkje i bruk i dag. Bygdi har butikk, og post i butikk og kommisjonær for Norsk Tipping.
Sjå elles info på nettsida til www.undredal.no
(Undredal tyder "Dalen nedanfor") |
|
Vassbygdi |
|
|

|
Vassbygdi ligg ved foten av Aurlandsdalen, ca. 10 km frå Aurlandsfjorden. Hovudnæringa er jordbruk. Det bur omkring 50 personar i Vassbygdi.
Under vasskraftutbyggjingen i 1969 og i åra framover, så opplevde Vassbygdi ein stor auke i folketalet. Anleggsdrifta førte med seg arbeidsplassar, og mange offentlege tilbod som mellom anna barnehage vart oppretta. Skule hadde bygdi hatt sidan slutten på 1800- talet. Skulen er ikkje i bruk i dag.
|
|
Styvi |
|
|

|
Lita grend på austsida av Nærøyfjorden. Her har det budd folk sidan vikingtida, og husdyrhald har vore hovudnæringa. Tidlegare var det post- og skyssgard her. Det er no gardsmuseum på Styvi. Den urørde og dramatiske naturen har har ført til at området har fått status som landskapsvernområde. Styvi hadde eige postkontor frå om lag 1660-åra til slutten av 1990-åra. Herifrå og innover mot Gudvangen går den gamle postvegen (5 km). Ein må ta båt frå Bleiklindi og inn til Gudvangen. Postvegen vert òg kalla Kongevegen, då han var eit offentleg tiltak. Postkontoret på Styvi er framleis i drift.
(Styvi kjem truleg av "stuv", som tyder avhogd skog) |
|
Dyrdal |
|
|

Fotograf: Åsmund Ohnstad |
Dyrdal er truleg ein svært gamal buplass ved Nærøyfjorden. Gardane er ikkje lenger i drift. Husa ligg tett saman på eit tidlegare elvedelta, der dei er trygge for snøras.
Grendene oppover dalen ligg slik: Drægo (øvst), Drægali (midtvegs), Dyrdal (nedst).
Frå 1773 og til langt ut på 1800 – talet var Dyrdal tingstad for Nærøy. Tinghusa låg ved sjøen lengst ute. Staden var òg gjestgjevarstad. Herifrå flytta ein i 1875 hus inn til Gudvangen og reiste det att der som gjestgjevarbygning. Staden fekk kai i 1926 og postkontor i 1929. Postkontoret vart nedlagt i 1993. |
|
Bakka |
|
|

|
Lita grend som ligg der Nærøyfjorden er på det smalaste og grunnaste. 6 km veg langs fjorden frå kaien i Gudvangen. På grunn av svært rasfarleg veg mellom Gudvangen og Bakka, vart det bygd tunnell her ( 2001). På det meste var det seks gardar, men no er det fire som er i drift. Geitehald er den dominerande næringa då geitene best kan utnytta beitet i dei bratte fjellsidene. Bakka har ei kvitmåla stor kyrkje frå 1859.
Bakka har vore nytta som innspelingsstad for fleire spelefilmar, m.a. "Song of Norway", på 60-talet. |
|
Myrdal |
|
|

|
Myrdal er ein liten stasjonsstad på høgfjellsstrekninga av Bergensbana, og ligg på toppen av Flåmsbana omlag 860 m.o.h. Dette samfunnet vart oppretta som ei følgje av bygginga av Bergensbana i perioden 1897 – 1909.
Myrdal hadde på det meste godt over 100 innbyggjarar med eigen skule, bakeri, butikk, hestepoliti, eige skyttarlag og eige idrettslag. Myrdal hadde det fyrste innandørs symjebassenget i fylket. |
Stikkordregister om Aurland
Attraksjonar
Jakt og fiske
Kjende personar frå Aurland
Kommunikasjon
Kultur og fritid
Lokalhistorisk senter
Næringsliv
Overnatting og turisme
|