Om lag 60 frammøtte i Trudvang onsdag 17. februar fekk med seg det hyperaktuelle føredraget til Berit Swensen om mat og helse.
Finst det ein samanheng mellom meitemarken sin trivsel, klimaendringar og di eiga helse? Dette var utgangspunktet for Berit, der ho viser at det finst ein veg ut av eit einsidig industrialisert jordbruk og ein matproduksjon som i stor grad bidreg til miljøproblema i vår tid.
Berit påviste den klare samanhengen som finst mellom den kulturelle utviklinga vår og maten me et. Ho meiner at det gode svaret på dei utfordringane me ser, ligg i det biodynamiske jordbruket, der målet er å dyrke sunn mat på ein måte som tek vare på både jorda og vår eiga framtid.
Berit heldt to føredrag i Aurland over det same temaet, eit ope for ”folk flest”, og eit der 9. klasse ved Aurland barne- og ungdomsskule deltok saman med elevar ved Sogn jord- og hagebruksskule (SJH). Referenten merka seg særleg i denne samanhengen Berit si gode evne til å formulere seg på ein måte som er lett forståeleg for tilhøyrarane.
Etter føredraget kunne publikum både sjå og smake på ei utstilling av foredlingsoppgåver som elevar på SJH sto bak. Her var det høve til å gjere seg kjend med nye spennande og freistande smakar, som alle hadde det til felles at dei var framstilte av økologiske råvarer. Har du til dømes smakt grovt brød med gamalost og ein ”dæsj” honning på toppen? Det hadde ikkje eg før no, og det gav skikkeleg meirsmak. Appelsinmarmelade er ein gamal god travar som mange kjenner, men kva med gulrotmarmelade, kan gulrot nyttast som pålegg? Eg lovar deg at det kan det absolutt!