
Til stades på møtet var grunneigarar, jaktrettshavarar, valdansvarlege og jegerar frå ulike stader i Aurland kommune. Frå Felles Landbrukskontor ÅLA møtte Silje Bjørgan Torgersen som ordstyrar.
Silje starta møtet med å ynskje alle velkommen, og informerte kort om kva eit hjorteutval er, og nokre av arbeidsoppgåvene som ligg til hjorteutvalet.
Det vart understreka av landbrukskontoret kor viktig det er å velje eit utval som har brei geografisk fordeling i kommunen. Det må veljast folk som er engasjerte, og som er villige til å gjere ein innsats for hjorteforvaltninga og hjortestamma i Aurland.
Det vart ikkje bestemt på møtet om det valde styret er eit interimsstyre, eller om det valde styret i hjorteutvalet 04.02. 10 skal sitje ein avtalt periode fram til neste årsmøte. Det vert bestemt på førstkommande møte for det nyvalde hjorteutvalet. Silje Bjørgan Torgersen er mellombels sekretær for hjorteutvalet.
Desse vart valt inn i styret for hjorteutvalet av frammøtte på møtet:
Rune Aasen - Undredal med vara Nils Hjellum
Ingmar Hjellum - Vassbygdi med vara Sverre Bjelde
Trygve Skjerdal - Vangen og Skjerdal med vara Terje Thy
Aurland Fjellstyre - person ikkje kjent
Nordheimsdalen - vara ikkje kjent
Sigurd Vikesland - område Vikesland med vara Magne Forberg
Jostein Buene - Gudvangen med vara Helge Karlsen
Odd Ohnstad - Flåm med vara Per Dale
Første møte i hjorteutvalet vert halde onsdag 17. februar 2010 kl 19.30. Sekretær skal sende framlegg til vedtekter og gjeldande forvaltningsplan for hjortevilt til hjorteutvalet på e-post før møtet.
Sakliste til møte 17. februar 2010
1. Val av leiar for hjorteutvalet
2. Val av økonomiansvarleg
3. Oppretting av vedtekter
4. Planlegging av årsmøte
5. Planlegging av teljekorps til Hordahjort-prosjektet
6. Innspel til ny forvaltningsplan for hjortevilt
7. Avklare korleis informasjon skal bringast vidare til grunneigarar, jaktrettshavarar og valdansvarlege
Silje Bjørgan Torgersen
skogbruk- og utmarkskonsulent