
På Aurlandsvangen ligg Heradshuset med fleire tilbod.
LOKALHISTORISK SENTER:
Fotoutstillingar med ulike tema:
- verdsarven i natur og folkeliv
- utvandringa til Amerika
- kraftutbygginga i Aurland
- aurlandsko-produksjon
Lokalhistorisk fotoarkiv
Me skal vera ein hjørnestein for det lokalhistoriske arbeidet i Aurland, både for bygdefolk lokale lag, samt for institusjonar som fylkesarkiv og Lokalhistorisk institutt. Heilt sidan oppstarten av Lokalhistorisk senter i 1993 har det vore gjort eit formidabelt innsamlingsarbeid av mellom anna fotografi. Delar av biletsamlinga finn du på internett – The Aurland Flickr Project
Lokalhistorisk litteratur til sals

Stort utval! Sjå liste over bøker her.
Nyaste tilskotet er Flåmssoga band 2A av Svein Indrelid.
GALLERI VINJUM
Kunstnaren Johannes Vinjum (1930 – 1991) er ein av bygda sine store søner, og den storslegne kunstgåva som vart gitt til Aurland kommune etter kunstnaren sin død er til utstilling på Heradshuset. Johannes Vinjum er eit kunstnarnamn som vert møtt med stor respekt i inn- og utland, og i galleriet får du høve til å bli betre kjend med Vinjum sin kunst, frå teikningar til akvarell- og oljearbeider. Kom innom Lokalhistorisk senter for å bli guida i fantastiske Galleri Vinjum!
SIVLESAMLING

Per Sivle (1857 – 1904) vart fødd i Flåm, og på Heradshuset finn du ei omfattande samling av gjenstandar som høyrde til Per eller dei rundt han. Aurland Sogelag har samla heile 100 gjenstandar etter diktaren. For å bli guida i denne unike samlinga, ta kontakt med Lokalhistorisk senter.
Opningstider:
MAN – TOR 09.00 – 15.30
Tlf: 57 63 29 75
e-post: sveinolav.haukedal@aurland.kommune.no
Velkomen!
|