Saman med Vegard og Jennifer er det fleire andre som i ulike idrettsgreiner hevdar seg svært godt både i lokale, regionale og nasjonale konkurransar.

Idrett er både konkurranse på høgt nivå og mosjon for alle dei som ønskjer å vera aktive og halda seg i form. Det er flott at det i Aurland vert lagt så godt til rette for både mosjons- og konkurranseidrett. Takk til alle som gjer ein stor innsats i idrettslag, skyttarlag og andre organisasjonar. Og lukke til for dei som no går ut i tøffe konkurransar.

Denne helga skjer det og mykje lokalt; først E-CO Rimstigen opp (laurdag) og så Aurlandsmarsjen frå Østerbø til Vassbygdi (søndag). Sjå elles vår aktivitetskalender

 

God helg !