Dette er ei nasjonal satsing som inkluderer heile Sogn og Fjordane fylke. Alle vaksne som har med barn og unge å gjera i vår kommune skal gjennom prosjektet bli betre på å førebygge, avdekke og handtera mobbing og krenking. Tove Flack frå nasjonalt senter for læringsmiljø og adferdsforskning i Stavanger hjelper oss med noko av den faglege delen av prosjektet. Tema for dagen var: «Korleis auke vår evne til å følgje med på det psykososiale miljøet i barnehage og skule?» Fokus var å få auka kunnskapen om teamet, få betre forståing for kompleksiteten i slike saker og bli betre på observasjon og samtale med barn i slike situasjonar.