Klima- og miljøminister Ola Elvestuen står for den formelle markeringa på Sinjarheim kl. 13.00. Ministeren skal gå frå Østerbø kl. 08.30, og alle som ønskjer det kan delta på turen ned dalen.

Det er både gledeleg og vel fortent at Aurlandsdalen får denne statusen, seier ordførar Noralv Distad. Ved å løfta fram den rike historien, vert Aurlandsdalen endå meir attraktiv for framtida. Med den nye statusen heidrar ein alle dei som har gjort og som framleis gjer ein stor innsats for Aurlandsdalen.

Ordføraren gler seg til å gå Aurlandsdalen saman med Ola Elvestuen og mange andre førstkomande søndag.

Her finn du meir info om Historisk vandrerute Aurlandsdalen 23. september