English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Helsesøster - tenesteerklæring

Korleis får eg tak i helsesyster:
Kontor: Fjordsenteret 2. etg. Helsestasjonen
Kontortid: Måndag – fredag, kl. 08.00 – 15.30
Telefon: 57 63 20 01 (ekspedisjon) 57 63 20 37 (direkte)
95 98 46 40 (mobil, SMS)
E-post: maysigrun.winjum@aurland.kommune.no

Formål med tenesta
Tenesta har som mål å fremja helse og trivsel blant barn og unge, samt førebyggje sjukdom. For å sikre dette arbeidet, held ein fokus på å gi råd og rettleiing til foreldre, drive helseopplysning blant barn, unge og foreldre. Vidare styrke ressursar hjå individet, og i familien for å bygge meistring, og hjelp til sjølvhjelp.

Helsestasjonen skal drive informasjon og rettleiing ved helseundersøkingar og vaksinasjon av barn og unge.

Målet er å sikre at alle brukarane av helsestasjon - og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom får det tilbodet dei har krav på. Tenesta skal også fange opp og bidra til at barn med særlege behov får oppfølging.

Helsesøster har spesialkompetanse på psykisk helsearbeid for barn og unge.

Tenesta gjeld
Arbeidsområde:
• Helsestasjon for spe - og småbarn (0-5 år)
• Skulehelseteneste ( 6- 16 år)
• Helsestasjon for ungdom ( t.o.m. 20 år)
• Skule - og barnehageteam
• Småbarnstreff
• Smittevern
• Reisemedisin/ vaksinasjon
• Tuberkulosearbeid


Helsestasjon for spe- og småbarn:
Helsesyster gjev oppfølging av spe- og småbarn med foreldre.
Dette skjer etter gjeldande forskrifter for helsestasjonsarbeid.

Helsestasjonsprogrammet har faste kontrollar med
• heimebesøk 2-3 veker etter fødsel
• 6 vekers alder med lege
• 3 månader alder
• 4 månader alder
• 5 månader alder
• 6 månaders kontakt med lege
• 8 månaders kontakt
• 10 månaders kontakt
• 1 års kontakt med lege
• 15 månaders kontakt
• 2 års kontakt
• 4 års kontakt med lege
• 5 års kontakt med lege og fysioterapeut.

Dersom foreldre ynskjer det, kan dei ta kontakt med helsestasjon utanom dei fastsette kontaktane.

Tilbod om vaksine etter nasjonalt vaksinasjonsprogram, med følgjande vaksineprogram:
3 månaders alder, 5 månaders alder, 1 års alder og 15 månaders alder.
Vaksineprogrammet i skulen starter i 2.kl., og sidan 6.kl., 7.kl. og 10.kl.
I 7.kl. vert det gitt tilbod om HPV vaksine til jenter med
totalt 3 doser innan 1 år.

Heimebesøk:

Det er jordmor eller helsesyster som kjem på heimebesøk etter fødsel.
Dei tilbyr råd og rettleiing i høve barseltida, og den 1. kontakten med helsestasjonen vert etablert.
Det er også tilbud om heimebesøk av helsesøster når barnet er 4 år.

Småbarnstreff:
Dette er eit uformelt treff for barn under 2 år og foreldre.
Treffa vert arrangert annakvar onsdag frå 12.00 – 14.00 på helsestasjonen i Aurland.
Det vert nokon gonger med tema på om lag ½ time. Kom gjerne med innspel her.
Døme: Førstehjelp til barn (video), med samtale etterpå
Besøk frå tannlegen
Besøk frå fysioterapeuten m.m.

Skulehelsetenesta:
Vaksinasjonar på ulike klassetrinn
Samtale / undersøking ved helsesyster på gitte klassetrinn
Samtalar individuelt og/ eller i grupper. Ved spesielle behov vert born tilvist lege i samråd med foreldre.
Psykisk helse vert vektlagt
Oppfølging av enkeltelevar ved behov
Henvising til andre instansar innan 1. og 2. line tenesta
Undervising i klasse og grupper
Tverrfagleg samarbeid

Helsestasjon for ungdom:
Dette er ei eiga forskriftsfesta teneste som ungdom har rett på, og som kjem i tillegg til helsestasjons – og skulehelsetenesta.
Tilbodet er retta mot ungdom frå 13 – 24 år.
Helsesøster og jordmor har utvida kompetanse på prevensjons- og seksualrettleiing, og kan rekvirere p-piller til jenter frå 16 t.o.m. 19 år. Det er også høve til gratis gravitest, angrepille og klamydiatest.
Tilvisning til lege
Uten timebestilling på helsestasjonen i Fjordsenteret.
Tlf. eller SMS til 95 98 46 40 (helsesøster) 95 98 46 23 (jordmor)

Skule og barnehageteam:
Helsesyster er fast medlem i ei tverrfagleg gruppe som ein gong kvart år reiser rundt på skular og i barnehagar i kommunen. I gruppa sit og PPT og barneverntenesta.
Føremålet er tverrfagleg arbeid retta mot barn og unge.

Smittevern:
a) Tuberkulosearbeid:
Det inneber tuberkulintesting/bcg vaksinering av alle barn i risikogruppe, jamfør retningslinjer. Gjeld også sesongarbeidarar eller vaksne med arbeidstillatelse i landet etter retningslinjer.

b) Reisevaksine:
Helsesyster har heile tilbodet om reisevaksinasjon/ reiseinformasjon før utanlandsreiser i kommunen.
Ho har kompetanse på internasjonal reisevaksinering og smittevernarbeid.

Har du spørsmål ang. vaksinering eller smittsame sjukdomar, ta kontakt med helsestasjonen.
Timebestilling.
Du betaler sjølv for det vaksinen kostar, og for konsultasjonen.

Priser pr. 01.08.2010:
Konsultasjon kr. 130,- Revaksinering kr. 80,-

Pris for dei mest brukte vaksinane er:
DT vaksine kr. 90,- Poliovaksine kr. 90,- Hepatitt A vaksine kr. 350,- Hepatitt A og B kr. 400,- Dukoral kr. 350,-

c) Helsesyster har også tett samarbeid med smittevernlege som ved nyoppdaga smitte er ute og informerer i skulen og/ eller barnehagar.
Døme: Smittsam hjernehinnebetennelse

Teieplikt:
Alle som arbeider innafor helse og sosialtenesta har teieplikt. Det tyder at vi ikkje kan gi opplysningar om dine personlege tilhøve til utanforståande.

Klage:
Klagen skal vere skriftleg og seie noko om kva det vert klaga på og kvifor. Du kan og klage dersom du meiner at du får dårleg handsaming frå tenesta si side. Klagen skal sendast tenesteleiar for helse- og førebygging,

Den som søkjer helsehjelp, kan påklage avgjerda etter § 2-1 i lov om helsetenester i kommunen. Fristen for klage er 4 veker frå vedkomande fekk høve til å klage. Vidare klageinstans er fylkeslegen.

Ein klage som kjem etter fristen, kan likevel takast under handsaming når det vert funne rimeleg at den vert prøvd. Elles gjeld forvaltningslova sine reglar for klage.


Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer:
964968063
Kommunenr
.:
1421

 

Relatert informasjon

Web levert av CustomPublish AS