English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Heimesjukepleie og heimehjelp

Heimebaserte tenester omfattar: Heimesjukepleie, praktisk bistand, tryggheitsalarm, matombringing, aldersbustader, omsorgsbustader og bufellesskap

Tenestene vert tildelt etter søknad, og målsetjinga er å leggje forholda til rette slik at eldre og funksjonshemma skal kunne få bu heime så lenge som dei måtte ønskje det.

Heimesjukepleien:. Målgruppa er menneske med akutt eller kronisk funksjonssvikt, sjukdom, funksjonshemming eller til personar som treng omsorg og pleie når livet tek slutt.
Tenesta er gratis.

Heimehjelptenesta er eit tilbod til innbyggjarane som treng hjelp til daglege gjeremål i eigen heim. Dette kan vere oppgåver som reinhald, vask av klede, handling, matlaging osb.

Det kan søkjast om å få tildelt tenester for ein kortare periode under rehabilitering etter sjukdom eller skade.

Andre service- og støttefunksjonar:
Merkantilt støtteapparat
Vaktmeisterteneste

Kontaktinformasjon

Tenesteleiar: Kari Voldum 
Tlf. 57 63 18 60 / 959 846 55

Adresse: 
Aurland Helsetun 2. et.
Skjerdalsvegen 31
 
Kontortid:  
Måndag – fredag,
kl.08.00 – 15.30
 
Telefonar:  
Aurland /Vassbygdi/Gudvangen:
Sone 1:    95 17 25 08
Soneleiar: Inger Lise Dale
95 98 46 27
 
Flåm/Undredal:
Sone 2:   95 17 25 07
Soneleiar:  Marit Irene Aas Nesheim
95 98 46 41
 
Kveld sone 1 og sone 2:
95 17 25 07
 
Ekspedisjon: 57 63 18 58
 
Heimehjelpsformidlar:
95 98 46 28

Relatert informasjon

Web levert av CustomPublish AS