Aurland skyttarlag og Aurland idrettslag gjer ein stor og flott innsats for born og unge. Det set Aurland kommune stor pris på.

I år har to av ungdommane våre levert framifrå prestasjonar på skytebana og i bokseringen.

Kine Haugeplass skaut fullt hus med 350 poeng i rekruttklassen på landsskyttarstemna. Med 25 innertreff heldt det til 4. plass i ein klasse med stor og tøff konkurranse.

Oskar Stigen Sørensen kvalifiserte seg gjennom siger i internasjonal turnering til Europameisterskapen i boksing for ungdom under 15 år i Bulgaria. Oskar boksa godt og vart nr. 5 av 9 svært dyktige boksarar.

Kine og Oskar leverer store prestasjonar i sine idrettsgreiner. Det er me alle utruleg stolte av. Lukke til vidare, som idrettsutøvarar og ikkje minst som førebilete for andre.

Aurland kommune vil gje ei merksemd til Kine Haugeplass og Oskar Stigen Sørensen for deira strålande prestasjonar. I tillegg vil me gje ei lita gåve til Aurland skyttarlag og Aurland Idrettslag til vidare arbeid for born og unge.
 

Noralv Distad
ordførar