Dersom behovet for å endre bustaden oppstår akutt er det ofte ekstra vanskeleg å gå i gang med oppussing og endringsarbeid. Det er utvikla noko som heiter «Funksjonsattest for bustad». Den kan vere god å bruke for å finne ut kva ein kan gjere av bygningsmessige endringar for å bu seg på endringar i helsesituasjon og nye livsfaser. Etter påske går ergoterapeut Anna K. Marstein og to ergoterapistudentar frå Høgskulen på Vestlandet i gang med kartlegginga.

Dersom du lurer på kva som må til for å få ein funksjonell bustad, er det berre å melde sin interesse.  Det spelar ingen rolle kor gamal du er eller korleis helsetilstanden din er i dag. Det einaste kriteriet for å vere med er at du eig bustaden din. Du vil få besøk av ein eller fleire av oss og høve til å diskutere utfordringar og moglege løysingar. Du vil og få den skriftlege kartlegginga med kommentarar og forslag til forbetringar i bustaden din.

Er du interessert? Då er det berre å ta kontakt med gerdastrid.skjerdal@aurland.kommune.no ,  tlf nr 57 63 22 01 eller a.k.marstein@aurland.kommune.no, tlf 959 84 630.

Anna Karine Marstein, ergoterapeut Aurland kommune