Ha ei fin adventstid!

Her kan du lese adventshelsinga til ordførar Noralv Distad under julegrantenninga på Aurlandsvangen søndag 3.desember:

Det er ein fin tradisjon å møtast på Vangen den fyrste søndagen i advent for å tenna lysa på julegrana.

Det er mørketid, og kva er vel då meir naturleg enn å gjera eit mottrekk der me møtest og tenner lys. Det er i den mørkaste tida av året me må tenne flest lys.

Advent betyr ventetid.  Mange seier at tida fram til jul går altfor fort. Andre synest det blir altfor lenge å venta. Eg hugsar godt kor seint dagane fram til jul gjekk då eg var liten. Men så vart det utruleg kjekt og stor stas når julekvelden endeleg kom.

Det er viktig at me gjer adventstida til ei fin tid både for oss sjølve og for familie og venner. Litt kav og stress høyrer med. Samtidig er det viktig å stilla opp for kvarandre, det er alltid nokon som har bruk for ei hjelpande hand, litt omtanke eller eit besøk. Me kan alle vera med på å tenna lys, håp og glede, i samsvar med jula sin glade bodskap.

No er det like før det flotte juletreet skal lysa opp her på Vangen. Eit flott tre og eit symbol på dei mange i Aurland som lyser opp og spreier kraft og glede til andre.  

Eg ønskjer alle i Aurland ei retteleg god førjulstid !

Noralv Distad
Ordførar

 

Julegrantenning på Vangen 3. desember 2017
Julegrantenning på Vangen 3. desember 2017
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap