God 17. mai !

Dette er dagen då heile landet har bursdag. Ein nasjonal festdag, vårt fremste symbol på fridom og sjølvstende.

Me har mykje å vera takksame for, mykje å gleda oss over.

17. mai er fyrst og fremst barnas dag. Det er viktig at me feirar dagen som barna, med ekte glede og optimisme.

Me gler oss over å bu i eit land og i ein kommune der me har det godt, med frie val, ytringsfridom og likestilling. Slik er det dessverre ikkje i alle land. Fred og fridom er ikkje sjølvsagt, men noko me må ta vare på og kjempa for både i Noreg og internasjonalt.

Eg er imponert over den frivillige innsatsen i Aurland. Det er ein fantastisk ressurs og ei stor drivkraft for eit trygt, godt og triveleg lokalsamfunn. Det er flott at engasjementet også strekkjer seg utover både kommune- og landegrense. Frivillig innsats er ein framifrå måte å  bruka fridomen på, slik at veldig mange får gleda av han.

Me skal ta vare på og vera stolte av verdiane i grunnlova, og me skal dela verdiane med andre.

Eg ønskjer alle ei strålande 17. mai-feiring !

Noralv Distad
ordførar

Program 17. mai

17. mai 2012 i Aurland Foto Aurland kommune
Fod 17. mai ! (arkivfoto)
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap