Målet var å minne gutar og jenter på at dei er bra nok og gode nok akkurat som dei er.  Dei hengde difor opp post-it-lappar med positive bodskap på speglane i symjehallar, på toalett, på skular, i prøverom i butikkane osv.

Denne idéen tende nokre jenter i 4. klasse på Flåm skule på. Jentene ville glede og overraske medelevar og tilsette med positive post-it-lappar. Alle elevane fann fine helsingar på pultane sine, lærarane fann fine lappar på arbeidsrommet, rektor sitt kontor vart besøkt og elles fann vi lappar på garderobeplassane og i alle rom elles på skulen. Det gjer noko positivt med oss når vi les om oss sjølve t.d ”du er ein god venn”, ”du er snill”, ”du er flink”, ” du er alltid blid”, ”du har alltid ein venn” osv. Mange undra seg over kven gledespredarane var, og jammen fekk vi teke dei på fersken i den gode gjerninga. Tusen takk til Flåm skule sin ”post-it-gerilja”, eller ”gledespatruljen” som kanskje er eit meir passande namn!