Aurland kommune og tenesteeininga Kultur har ansvaret for eit mangfald av oppgåver og aktivitetar.

Nokre av oppgåvene er å tilrettelegge for at kommunen sine eigne innbyggarar og tilreisande kan drive fysisk aktivitet.  Kommunedelplan for fysisk aktivitet og folkehelse med vedlegg 2016 - 2019 - vedteken av kommunestyret er det viktigaste styringsverktøyet vedrørande prioritering av tiltak.

Med omgrepet «fysisk aktivitet» meinar ein all fysisk aktivitet som tilfredsstiller Helsedirektoratet sine tilrådingar om dagleg  fysisk aktivitet.

« Helsedirektoratet har gitt anbefalinger for ulike grupper:

  • Voksne bør drive fysisk aktivitet med moderat intensitet minimum 30 minutter daglig, for eksempel i form av en tur med rask gange der en blir varm og får økt puls. Dette er nok til å gi en helsegevinst for dem som tidligere bare har hatt lette daglige aktiviteter. Aktiviteten kan deles opp i mindre bolker, f. eks. 3 x 10 minutter. 
    Den største helsegevinsten kommer når man går fra å være inaktiv til å bli aktiv, deretter vil økt fysisk aktivitet gi ytterligere gevinst.

  • 60 – 90 minutter per dag anbefales for å forebygge overvekt.

  • For barn og unge anbefales minst 60 minutters variert daglig fysisk aktivitet med både moderat og høy intensitet. Aktiviteten kan deles opp i mindre bolker i løpet av dagen. «

For Aurland kommune er det viktig å ha dialog og kommunikasjon med innbyggarane både for å få kjennskap til behov og ynskjer, kva som fungerar bra og kva som ikkje fungerar så bra, og i det eit potensiale og høve til forbetring.

Doktoravhandling og spørjeskjema
Aurland kommune har fått forespørsel frå Anna Maria Urbaniak-Brekke ph.d kandidat som arbeidar med doktoravhandling vedrørande fysisk aktivitet og rekreasjon om å  legge ut lenke til spørjeskjema som ho nyttar i arbeidet sitt. Aurland kommune er sjølvsagd positiv til det.  Spørjeskjema omhandlar fleire tema relatert til fysisk aktivitet og rekreasjon.

Du kjem til spørjeskjema ved å følge lenka: https://no.surveymonkey.com/r/ZRGN833

Aurland kommune oppmodar alle innbyggarane til å bruke litt av tida si til å svare på spørsmåla. Aurland kommune vil få utarbeida ein rapport når arbeidet er avslutta.

Å svare på spørjeskjema skjer anonymt.