Drift og eigedomsutvalet har i møte 5.12.2011 kome med framlegg til vegnamn på ein vegstrekning i Vassbygdi.
Utvalet har føreslege at vegstrekninga mellom Bellsbakken og
Inge Olai Sønnerheim vert kalla Kvålsvegen.
I medhald av mellom anna matrikkelforskrifta § 50.7 ledd skal den eller dei som avgjerda har verknad for ha moglegheit for å gje utale.
Registrerte eigarar, eller festarar av eigedomar som vil få tildelt ny adresse vert tilskreve direkte.
Moglege merknadar til framlegget bes sendt til:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland
Frist:
Innan 6. februar 2012
Gå til saka handsama i Drift- og eigedomsutvalet her