Mål og strategiområde Fylkesveg
- følgje opp målet om tunnelsikring gjennom årlege løyvingar
- Prioritere tiltak på fv 243 for å sikre at fastbuande og tilreisande kjem fram
- Prioritere tiltak på fv 245 til Flåm 

Fv 243 har ikkje tilfredsstillande standard i høve den store trafikken, særleg på strekninga Aurlandsvangen – Stegastein.  Det er nødvendig med fleire møteplassar  og utbetring av svingen ved Bell (jfr. konkrete innspel frå Aurland kommune).  Om vinteren bør vegen brøytast til snuplass ved støl Kvammadal. Vegen over fjellet  bør opnast seinast 15.mai. 

Mål og strategiområde Kollektivtrafikk
- rutetilbod som gjer det mogleg å pendle til og frå Aurland med buss
- gjennomføre prosjekt for å sjå ruteløyvet i ein større samanheng, tema som td. kapasitet på landsida, logistikk for av- og påstigning, utslepp til luft og vatn og bølger frå fartøy må inn som vurderingstema 

Mål og strategiområde Næringstransport
- reiseliv må omtalast med delmål, strategiar og tiltak
- kartlegging av eksisterande tilrettelegging langs fylkesvegane (rasteplassar, toalett og bosshandtering) og dagens drift 
- vurdere behov for sesongforlenging opningstider for toalett, omfang av driftsavtalar

Kapittel 3 bør ha omtale av besøkande (turisttrafikk)

Sogn og Fjordane har svært mange besøkande, som kjem med eigen bil, buss, tog, båt eller fly.  Det må leggjast godt til rette med service og infrastruktur langs vegane, og effektiv formidling av kollektivtilbodet i fylket. 

Mål og strategiområde Skredsikring
- ved stenging i samband med skred må rydding og opning av vegen vere ei høgt prioritert oppgåve.

Skredsikring
Fylkesveg 50 langs Vassbygdivatnet har stor trafikk og må sikrast. Det er og nødvendig med ytterlegare sikringstiltak på Fv 242 til Skjerdal  og Fv 241 til Bakka.

Handlingsprogram
Tiltak 5.4.2. dialog – systematisere tett dialog. Reiselivet må inn som ein av partane i denne dialogen samt statlege etatar som vert slått saman og der publikumskontakt vert sentralisert t.d.

Tiltak 5.8.2 – rutesøknadar. Det er ikkje definert kva som ligg i omgrepet «aktive vurderingar» av rutesøknadar, utover ordinær sakshandsaming som blir gjort i dag.

Gå og sykkelstrategi
- tiltak i sykkelstrategien må ikkje utformast på ein slik måte at reislivskommunen Aurland vert definert ut på grunn av lågt innbyggartal 

Tillegg til punkt 9. Statleg infrastruktur: Jernbane. Ein del av Bergensbanen og heile Flåmsbana ligg i Sogn og Fjordane.  Flåmsbana har nær 1 million reisande pr. år, og er den største turistattraksjonen i fylket og svært viktig som innfallsport til Sogn og Fjordane fylke. Flåmsbana korresponderer med Bergensbanen på Myrdal.  Det er viktig å sikra begge desse heilårsbanene med infrastruktur, god regularitet og funksjonelt  materiell. 

5.6.1 Strategiar 
Ta i bruk ny teknologi for klimagassreduksjon og prioritere utprøving av ny transport teknologi for å nå målsettningene i Paris-avtalen.

5.6.2 Tiltak 
Fylkeskommunen iverksette tiltak som sikrer at alle fylkeskommunale og kommunale ferger og hurtigbåter benytter lav- eller nullutslippsteknologi ved nye anbud og på ruter i egen regi.

5.8 Ruteløyve
I samband med tildeling/fornying av ruteløyve skal blant anna rutetabell, billettsystem, rutekunngjering  og miljøkonsekvensar vurderast.

5.7.1 Strategiar 
Stille konkrete krav til klimagassreduksjon i kollektivtrafikken gjennom anbod.

Sakspapir:
PDF dokumentFråsegn til regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018 - 2027 
PDF dokumentRegional transportplan 2018-2027 - vurdering og framlegg til fråsegn frå Aurland kommune 

Sjå også : Høyring - Regional transportplan2018 - 2027