English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Folkevalde, leiarar og tillitsvalde på strategiseminar

Tysdag 14.og onsdag 15. februar er kommunestyremedlem , leiarar og tillitsvalde i Aurland kommune samla i Flåm på strategiseminar.

Strategiseminaret er ein del av den obligatoriske folkevaldopplæringa etter kommunestyrevalet hausten 2011, og eit arbeids- og utviklingsseminar, for både folkevalde, leiarar og tilsettrepresentantar.

Tema på seminaret er økonomiske rammevilkår og kommunen sitt handlingsrom, planstrategi, samhandlingsreforma og arbeidsgjevarpolitikk. 

Seminaret markerer oppstarten på årets rullering av kommunplanen sin fireårige handlingsplan.

Tysdag 14. februar
Gjennomgang og status for:

  • Økonomiske rammevilkår, inntekter og kommunen sitt handlingsrom ved økonomileiar Reidar Johnsen
  • Strategisk handlingsdel , prioriterte investerings- og utviklingsprosjekt i vedteken 4 årsplan ved ingeniør Steve Elgåen og planleggar Jan Olav Møller
  • Planlegging – samfunnsutvikling: ulempe eller til gagn for kommunen, og kommunal planstrategi, ved fylkesdirektør Svein Arne Skuggen Hoff og rådgjevar Håkon Walnum frå Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Samhandlingsreforma ved Møyfrid Hallset og Mette Nistad frå Ressursenter for omstilling i kommunane
     

Onsdag 15. februar
Arbeidsgjevarpolitikk ved Jan Alm Knudsen frå KS: 

  • Arbeidsgjevarpolitikk – kva kan det omhandle?
  • Kva kan vi bruke arbeidsgjevarpolitikken til?
  • Oppgåve – og rollefordeling folkevalde og rådmann 
  • Kva vil Aurland kommune legge vekt på i arbeidsgjevarpolitikken?
  • Korleis skal det jobbast vidare med utvikling av framlegg til folkevald handsaming 

Rullering av Strategisk handlingsdel med økonomiplan 2013 - 2016, vert endeleg vedteken i kommunestyremøtet 14. juni 2012.

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS