Førehandsrøysting til kommune- og fylkestingsvalet 2015

Tidleg førehandsrøysting
Dersom du ikkje har høve til å røysta innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, og heller ikkje på valdagen, kan du i perioden 1. juli til og med 7. august, kontakte kommunen og avtale tid for å røysta. Du treng ikkje valkortet, men ta med legitimasjon!

Ordinær førehandsrøysting
Den ordinære førehandsrøysinga er i tidsrommet 10.august –  11.september. Ta med valkort og legitimasjon!

Stad: Rådhuset – kommunetorget
Tid:   Måndag – fredag frå kl. 09.00 – kl.15.00.
          Laurdag 5. september frå kl. 11.00 – kl. 14.00.

Førehandsrøysting- Sogn Jord- og hagebruksskule :
Det vert avhelde førehandsrøysting på Sogn Jord – og hagebruksskule
            Tysdag 8. september frå kl. 09.00 – 10.30      

Førehandsrøysting  – Aurland Helsetun :   
Det vert avhelde førehandsrøysting på Aurland Helsetun
           Onsdag 9. september frå kl. 11.30 – kl. 14.00

Ambulerande røysting:
Velgarar som på grunn av sjukdom eller uføre ikkje har høve til å førehandsrøysta i rådhuset kan søkje valstyret om å få førehandsrøysta i heimen/ eller der dei oppheld seg. Søknaden treng ikkje vere skriftleg, du kan ringe 57 63 29 00 eller sende epost til: postmottak@aurland.kommune.no. Kontaktperson: Eli Johanne Ohnstad.
           Frist : onsdag 9. september.

 

Noralv Distad – leiar i valstyret

Vallogo
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Politisk sekreteriat

Margunn Tolleshaug

Telefon: 57 63 29 35
Mobil:971 36 237

E-post:
Margunn Tolleshaug

Besøksadresse:
Rådhuset, Kommunetorget

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland