Pressemelding frå Aurland kommune 30.10.14 kl 18.00
Etter felles synfaring ved politiet, NVE og kommunen er fleire bustadområdet klarert og mange av dei evakuerte i Flåm har returnert til bustadane sine. Nokre klarerte område er likevel ikkje tilgjengelege på grunn av manglande vegtilkomst. Kommunen jobbar med å legge tilrette for mellombels tilkomst til bustader på vestsida ved Brekke. På austsida er det tilkomst til byggjefeltet på Lunden, medan Håreina og Ryum framleis manglar veg. Nokre innbyggjarar ved oppe på Håreina og på Ryum har ikkje vore evakuerte.
Totalt 13 bustader er vurdert som totalt øydelagte.
Det er 35 personar i mellombels bustad. 15 personar har behov for bustad på lang sikt.
Aurland,
Ordørar
Skuleskyss frå Flåm til ABU
Frå og med fredag 31.oktober går skuleskyssen som vanleg frå Flåm samfunnshus til ABU kl. 08.10
Status for vegane:
Det vert jobba for at vegen heilt opp til Nils Heggdal vert klar og opna i løpet av kvelden fredag 31. oktober. På Brekkesida er vegen ope fram til Haugen Gardsmat.
Det er usikkert når vegen til Undredal vert klar og opna.
Sikringsarbeid
Sikringsarbeid på bygg starter idag, fredag 31. oktober. Det er fått ut gravemaskin i elva ved Flåm skule. Starter i området der og fortsetter oppe i Ølpa.
Straumforsyning:
Det er no straum opp til Molstein. Området frå Molstein til og med Ryo har enno ikkje fått tilbake straumen. Aurland Energiverk jobbar med å få dette på plass.
Aurland Energivek AS sine abonnentar vert oppmoda om å begrensa forbruket til eit minimum, og ikkje nytta elektroisk oppvarming.
Behov for bustad:
Aurland kommune oppfordar folk til å melde inn ledig bustader. Meld inn på 57 63 29 00.
Kokepåbod oppheva:
Kokepåbodet i Flåm og Aurland er oppheva.
Helikopter synfaring:
Det blir no føreteke helikoptersynfaring av Flåmsvaddraget. Med på synfaringa er NVE, Jernbaneverket, E-co og Aurland kommune, der ein ser på kritiske punkt i høve fare for demning i elv. Synfaringa danna grunnlag for politiet si vurdering for om folk kan flytte innatt i evakuerte område, eventuelt delar av område.
Helsing frå Statsministreren:
Statsminister Erna Solberg har ringt ordførar Noralv Distad idag og ho har fått oppdatering av situasjonen. Ho har bedt om at det vert formidla helsing til alle berørte av flaumen og alle som har hjulpet til med evakuering og krisehandtering.
Det er og kome tilsvarande helsing frå Olje- og energiminister Tord Lien.
Skule
Flåm skule er stengd og elevane frå Flåm går no på skule på ABU.
Barnehage
Flåm barnehage er open frå måndag 3. november,
Skule- og arbeidsskyss frå Undredal
Båt går frå Undredal kl. 07.45 (Sea Express) til Aurland
Båt frå Undredal ca. 13.00 til Aurland (Fjærlandsfjord)
Båt til Undredal ca. 15.25 frå Aurland (Fjærlandsfjord)
Meldingar
Kommunestyremøte torsdag 30.10.2014 er avlyst.
Aurlandskonferansen fredag 31.10.2014 er avlyst.
Aurland kommune melder om at hovudvassforsyninga til Aurlandsvangen er broten. Ber om at inbyggjarane sparar på vatnet. Brotstaden ligg mellom Sogneporten og Skaimshagen og på denne strekninga er folk utan drikkevatn.
Det er innført kokepåbod av vatn i Aurland kommune
Informasjon tlf 57 63 29 00 / 57 63 29 03