Den 22. februar 1916 skreiv G. Heimdal som var innehaver av skysstrafikken på Vatnahalsen Hotel brev til amtmann (tilsvarar fylkesmannen i vår tid) I. E. Christensen og bad om betre betaling for å skyssa folk opp og ned Flåmsdalen. Han dreiv verksemda med 10 hestar og no gjekk det på tap. Verdskrigen førte med seg auka kostnader til arbeidsløn og fôr til hestane. Taksten for 1 person frå Myrdal til Flåm var kr. 4, for 2 personar kr. 6. Heimdal bad om 50 % auke i takstane.

Amtmannen somla ikkje, alt 24. februar sende han brev til ordføraren i Aurland og bad om hans fråsegn i saka. Ordføraren var og rask med sitt svar. Den 29. februar skreiv han at saka er vanskeleg. Han understreka at det allereie er dyrt å leiga hesteskyss, ein auka kan såleis vera uheldig. Men han meinte samstundes at skysstrafikken ikkje kunne drivast med tap. Difor lanserte han ideen om at det skulle vera same takst for å skyssa ned Flåmsdalen, som opp. Til no var taksten basert på at distansen var 28km opp, og 20 km ned, det siste er og den faktiske lengda. Han trudde turistbyråa ville ha forståing for ei forlenging med 8 km, slik at det vart sams takst opp og ned. Dessutan peika han på at det sleit vel så mykje på hest og reiskap å køyra nedover på grunn av bremsinga.

Amtmannen tok straks saka vidare, i brev 2. mars til politimeisteren i Sogn, som to dagar seinare sende det vidare til lensmannen i Aurland. 11. mars kom svaret frå lensmann R. Dræge. Han sa at det før hadde kome klager frå reisande om at skysstakstane var for høge. No høyrde han ikkje meir om dette og uansett hadde talet på reisande gått kraftig ned på grunn av krigen. Derimot hadde dei som skyssa klaga ("besværet seg") på at dei hadde store tap på verksemda si. Han rådde til at taksten opp blei uendra, og taksten ned auka med 8 km.

Politimeister I. Asheim skreiv så den 14. mars ei tilråding om at distansen vart fastsett til 28 km begge vegar. Dagen etter bad amtmannen om fråsegn frå amtsingeniøren. 23. mars skreiv amtsingeniør E. Borch si tilråding om lik takst opp og ned Flåmsdalen.

Den 24. mars bad amtmannen om at Aurland heradsstyre handsama saka. Det vart gjort i møte 26. april med slikt vedtak: Herredsstyret er enig i, at veilængden og skyssbetalingen beregnes likt begge veier og foreslaar, at skyssbetalingen sker efter 28 km."

Den 9. mai skreiv amtmannen ei formell innstilling til "det ærede amtsting".

Han viste først til at det i "høieste resolution" av 7. november 1901 var fastsett vilkår for skyssing. Taksten var 20 øre pr. km med 2 øre i tillegg for reiskap.

Skyssbetaling frå Fretheim til Kårdal, Myrdalselvi, Vatnahalsen og Myrdalen skulle reknast etter 20, 22, 27 og 28 km i staden for faktisk lengd på høvesvis 15, 16, 19 og 20 km. Seinare kontraktar med Chr. Fretheim vart inngått med basis i 18 øre pr. km.  Skysshaldarane på Myrdal hadde skyssa etter ordinære veglengder.

Amtmannen viste så til alle fråsegnene i saka og tilrådde at betaling for skyssing frå Myrdal til Fretheim skulle skje på grunnlag av ei veglengd på 28 km.

Vegnemnda i amtstinget slutta seg til tilrådinga den 19. juni og sjølve amtstinget gjorde det endelege vedtaket på Skei den 22. juni 1916.

Merknad: Sakshandsaminga var imponerande rask. At brev vart sende, kommenterte og sende vidare i løpet av eit par dagar er nesten utruleg, og postgangen måtte vera svært effektiv. Det verkar elles som om alle var løysingsorienterte. Heimdal hadde teke opp eit reelt problem, ei endring  av skysstakstane var nødvendig. Metoden med ekstra km har elles vorte nytta også seinare, då NSB i si tid "forlenga" Flåmsbana frå 20 til 40 km som grunnlag for takstauke.

 

Noralv Distad

Kjelde: Nordre Bergenhus Amtstings Forhandlinger Aaret 1916