Ein prosesjon med sokneprest, medlemer av sokneutvalet og dei tre konfirmantane kom med det inventaret som gjennom lange tider har høyrt Flåm kyrkje til.

Sokneprest Jermod Hausberg leia høgtidsgudstenesta og framheva kor viktig Flåm kyrkje er, for kyrkja sitt arbeid og for innbyggjarane.

Kyrkjeverje Monica Finden har hatt hovudansvaret for restaureringsarbeidet. Ho takka Jordalen Entreprenør, Knut Olav Lie, Ørjan Mo, Skjerdal Landskapspleie, Aurland Elektriske, Sokneutvalet og Aurland kommune for godt samarbeid og vel utført arbeid.

Ordførar Noralv Distad helsa frå kommunen og sa at dette var ein stor dag både for Flåm og heile Aurland kommune. Flåm kyrkje  formidlar viktige verdiar, kyrkja sin glade bodskap og er open for alle, slik ei folkekyrkje skal vera, sa ordføraren.