Flåm barnehage for full musikk

Det er yrande liv i gymsalen på Flåm skule når barnehagen har musikkstund med Mitch og Øystein.

Ikkje ein kroppsdel vert utegløymt å halda i aktivitet når ungane hiv seg med i song og dans. Det er berre blide fjes å sjå både hjå ungar og vaksne, og alle er med. Det ser ut som lærarane i frå musikkskulen har ein jobb dei likar godt også! Kven blir ikkje i godt humør av å vera i lag med gladgjengen frå Flåm barnehage?

I dag, måndag 4. desember hadde Flåm barnehage og musikkleikestova ved Flåm skule, saman med Mitch og Øystein, til og med invitert heile SFO til konsert. Gjett om SFO gleda seg til å vera publikum!

Flåm barnehage for full musikk
Flåm barnehage for full musikk
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune, sentralbord
Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649

Kommunal beredskapstelefon / teknisk vakt utanom kontortid:
tlf. 57 63 29 05 / 959 84 600
(beredskap brann, kommunale bygg, veg, vatn og avløp)

Kommunal beredskap