Kvar haust er vi så heldige å bli invitert på fisketur til fjells, og no var tida komen for å eksperimentere med nye og smakfulle oppskrifter. Heile 6 ulike rettar vart serverte i tur og orden då elevane benka seg rundt eit flott dekka langbord.  Det var imponerande å sjå både arbeidslysta til elevane og dei flotte rettane dei trylle fram. Etter ei slikt vellykka og velsmakande måltid var det ingen som gjekk svoltne heim!