Det er Aurland folkebibliotek som er arrangør for kurset, og Anders Refsnes som er kurshaldar. Anders har ein mastergrad i filosofi og er utdanna i Bergen og Southampton. Du treng ikkje å ha noko forkunnskap for å kunne delta.

Kurset går over seks torsdagar, 16., 23., og 30. mars og 6., 20. og 27. april, frå klokken 18.30-20.00. Pris for heile kurset er kr. 750,- Første gang er gratis, men me ber deg å melde deg på ved å sende ein e-post til kultur@aurland.kommune.no eller ta kontakt med Martin Hendriks, tlf. 958 942 80.

Frist for påmelding: 10. mars 2017.