Gjennom dagen drøfta me problemstillingar ut frå filmen «fredag ettermiddag», me fekk refleksjonar frå ein ung vaksen som har hatt tiltak i barnevernet og fylkesmannen snakka om teieplikt og kva som skal vere grunnlag for bekymring.

Rådmannen deltok også på dagen, og innleia med å sei at samarbeid på tvers og samhandling til barnets beste vil ha fokus dei neste fire åra. Dette bodskapet stod seg gjennom dagen, og me ser på dette som ein start på vidare arbeid mellom tenestene.

- Attendemeldingane me har fått har vore veldig positive og barnevernet er veldig glad for at våre samarbeidspartar opplevde dagen som nyttig, seier Anja Brekke Moldvær, leiar for Aurland og Lærdal barnevern.