I år vert det feia og gått tilsyn frå byrjinga av oktober.
I Aurland skal det feiast anna kvart år og gjennomførast tilsyn kvart fjerde år. I 2010 vart det restfeiing, slik at det no i 2011, vert 50% av husstandane feia. Dei resterande husstandane får feiing i 2012.
Sett fram stige på den sida som feiaren skal gå opp ved feiing på tak. På kortet som vert hengt på dørar/postkassar står det også eit telefonnummer ein kan ringje dersom ein ønskjer å avklåre ting med feiaren. Syt for å lese informasjonen på feievarselet som kjem i forkant av feiinga.
Etter at feiinga er gjennomført vert det gått tilsyn i 25% av husa i kommunen. Dersom det ikkje passar med tilsyn så ver vennleg å ringe feiaren på mobil 913 39939 for å avtale ny tid.
Det må ikkje fyrast dei siste 5-6 timane før feiing skal utførast. Steng spjeld, omnsdører og eller trekkventilar. Sløkk olje-/parafinbrennar.
Brannsjefen