Som eit ledd i prosjektarbeidet, vart det arrangert personalseminar for alle tilsette i pleie og omsorg,  samt nokre av dei tilsette i helse og førebygging den 7. og 8. juni i år. 

Føremålet med personalseminaret var å skape, koordinere og gi retning til dei endringane som skal gjennomførast, der dei tilsette er særs viktige aktørar i møte med tenestemottakarane. I dette møtet blir den brukaropplevde kvaliteten i tenesta skapt. Det vart lagt vekt på å skape tilslutning til nye tankesett og nye arbeidsmåtar i tenestekvardagen. Brukarmedverknad og meistring er viktige stikkord her. 

Dei tilsette vart fordelte over to dagar, og tilsaman deltok 85 personar på personalseminaret. Vi hadde to flotte og inspirerande dagar med Møyfrid Hallset frå Ressurssenter for omstilling i kommunene (RO), som på ein ypperleg måte losa oss gjennom mange tema. Ein stor takk til alle tilsette som var med og delte erfaringar og kompetanse desse to dagane. 

Kari Voldum
Tenesteleiar Pleie og omsorg