Lokalhistorisk Senter
Kontaktperson:
Svein Olav Haukedal
Telefon: 57 63 29 75
E-post
Svein Olav Haukedal
Aurland kommune og E-CO Energi samarbeider om ei energiutstilling i Heradshuset. Utstillinga har fått namnet Rein energi, og viser kraftutbygginga i Aurland frå 1960-talet og fram til i dag.
Målsetjinga med utstillinga er å gi auka kunnskap om energi. Gjennom film, animasjonar og oppgåver viser ein vatnet sitt kretsløp, korleis elektrisitet blir produsert på ein mest muleg miljøvenleg måte!
Kraftutbygginga i Aurlandsdalen er eit sirleg nettverk av dammar, tunnelar og kraftstasjonar. Det same vatnet blir utnytta fleire gonger når det passerer gjennom dei ulike kraftstasjonane på ferda si frå høgfjellet til fjorden! Utnyttinga av vassressursane har gjort Aurland til ein av dei rikaste kommunane i Noreg!
Opningstider:
Måndag–fredag: 09.00–15.00
Laurdag–søndag: stengt
Omvising i energiutstillinga er gratis, og er i stor grad basert på interaktiv læring. Utstillinga retter seg i hovudsak mot ungdomskuleelevar frå 8.–10. klassetrinn, men også andre interesserte kan kontakte Aurland kommune eller E-CO Energi.
Ein rettleiar guidar elevane gjennom dei forskjellige stasjonane, og hjelper elevane når oppgåver skal løysast.
Tema i utstillinga er henta frå lærarplanen (LK06) om fornybar energi på ungdomstrinnet. Utstillinga er laga av E-CO Energi, og vert administrert av Aurland kommune.
Skulane kan bestille omvising på telefon 57 63 29 00
eller på e-post til hallgeir.hoydal@aurland.kommune.no
Andre interesserte kan kontakte E-CO Energi, telefon 24 11 65 00 eller
e-post energiaurland@e-co.no
Publisert: onsdag 9. november 2011, 10:27
Oppdatert: onsdag 9. november 2011, 10:33
Lokalhistorisk Senter
Kontaktperson:
Svein Olav Haukedal
Telefon: 57 63 29 75
E-post
Svein Olav Haukedal
