Aurland kommune har mange ressursar: både vasskraft, matproduksjon og ikkje minst den storslagne naturen som trekk turistar hit frå alle verdshjørner. Desse ressursane skapar ofte det me vanlegvis tenkjer på som avfall. Både dyr og turistar skit, noko av det hamnar tilbake på jordene som gjødsel, medan noko hamnar i fjorden. Ølproduksjon skapar mask som må tas hand om, og dei aller fleste husstandar og bedrifter samlar opp litt matavfall i løpet av ein heilt vanleg dag.

Dette er berre nokre døme på restprodukt som igjen kan bli til nye ressursar. Mange kjenner til kompostering, der ein lagar matavfall om til jord som ein kan bruke til å dyrke ny mat. Sjølve omdanninga til jord er noko mikroorganismar gjer når me legg høva til rette: luftar matavfallet godt, har eit bra forhold mellom strø og matrestar, og isolerer det slik at det kan få ein temperatur opp til 55-65 °C. Dersom det ikkje vert lufta godt nok, kan det verte danna metangass. Metangass er ikkje giftig, men er i fylgje miljødirektoratet ein klimagass med 25 ganger så sterk påverknad i atmosfæren som den mest kjende klimagassen, karbondioksid (CO2).

Metangass er likevel ein ressurs som kan nyttast i til dømes forbrenningsmotorar. Når metangass vert danna i biologiske prosessar som råtning av mat, blir den kalla biogass. Biogass er eigentleg eit samlenamn for gassane som blir danna under ein råtningsprosess, og i eit biogassanlegg kan ein samle opp denne gassen og leggje til rette for dei mikroorganismane som lagar metan, og slik få ein biogass som inneheld opp til 65% metangass. Gassen kan brennast og varmen frå dette kan til dømes nyttast til oppvarming av kommunale bygg. Den kan óg rensast, og er då spesielt interessant i transportnæringa – kanskje turistane i framtida kan køyre i bussar og båtar som køyrer på lokalprodusert gass? Avfallsproduktet, eller biorest, kan brukast direkte som gjødsel for til dømes grasproduksjon eller det kan komposterast til jord.