English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Eigarseksjonering

Omtale

Seksjonering er oppdeling av bygningar i eigarseksjonar. Ein eigarseksjon er ein sameigedel i bebygd eigedom med tilknytta einerett til bruk av ein eller fleire bustader eller andre brukseiningar på eigedomen (eigarseksjonslova § 1).

Ved seksjonering opprettar ein eit sameige i bebygd eigedom. Sameiget omfattar heile eigedomen med all bygningsmasse. Den einskilde seksjon har bruksrett til eit bruksareal og heimel til ein andel av eigedomen. Etter seksjonering er kvar seksjon eit eige rettsobjekt og kan omsetjast og belånast uavhengig av resten av sameiget.

Seksjonering av eigedom regulerar eigedomsforholda ved eigedomen .

Målgruppe

Heimelshavarar.

Kriterium/vilkår

I prinsippet kan all bebygd eigedom der bygnaden består av fleire bustader/husvære eller andre brukseiningar seksjonerast. Seksjonering høver for oppdeling av bustadblokker, horisontaldelte to- og firemannsbustader, næringsbygg i fleire etasjar med forskjellige brukarar av etasjane eller liknande.

Reseksjonering vil seie endringar som blir gjort etter at den første seksjoneringen er gjennomført; til dømes ei ytterlegare oppdeling eller samanslåing av seksjonar.

Pris for tenesta

Plan og byggesaksgebyr


Saksprosessen
Sakstypar
1. Seksjonering av planlagt ny bygnad.
2. Seksjonering av eksisterande bygnad.
3. Reseksjonering etter eigarseksjonslova § 12 (deling og samanslåing av seksjonar).
4. Reseksjonering etter eigarseksjonslova § 13 (reseksjonering i andre tilfeller).
 

Saksgang
1. Mottakskontroll (rett utfylt skjema for begjæring, komplett med vedlegg).
2. Kontroll om at vilkåra for seksjonering er oppfylt.
3. Synfaring.
4. Oppmålingsforretning for seksjonar som omfattar uteareal.
5. Seksjoneringsvedtak.
6. Registrering i Matrikkelen.
7. Tinglysing.

 

Web levert av CustomPublish AS