I mai 2018 kom meldinga frå BUFDIR om at ein fekk tildelt kr. 192 704,- til prosjektet og då vår det berre å kasta seg rundt, bestille hotell og buss, og leggja til rette for den fyrste norske ferieopplevinga for barna. Hovudopplevinga var ein tur til Tropicana på Gol med to overnattinga og tilgang til badeland, dette er ein ferieoppleving kjent for mange barnefamiliar i både Aurland og Lærdal. Ferieturen vil gje borna høve til å fortelja om noko kjekt dei har opplevd i ferien når dei byrjar på skulen att, som òg mange av klassekameratane kan kjenne seg att i.

25. juni hoppa over 50, store og små, frå Aurland og Lærdal på bussen og retta nasen mot aust. På Gol kosa ein seg i badeland til den store gullmedalje, på turar i fin natur, god mat og ikkje minst godt selskap. Det vart ei flott avslutning for skuleåret for både store og små, og ein flott start på sommarferien for familiane og for flyktningtenesta.

Flyktningtenesta i Aurland og Lærdal ynskjer å retta ein stor takk til samarbeidspartnarar og ikkje minst Aurland kommune som la til rette slik at ein fekk søkje på desse midlane.