Martin Hendriks, tenesteleiar for kultur,  innleidde ved å seie litt om kulturminneplanarbeidet så langt. Stølar/ stølsdrift, immaterielle krigsminne og klimapåverknadar på kulturminne er prioriterte tema. Dette utelukkar ikkje andre viktige tema som me har fått innspel på i planprogramperioden. Når det gjeld klima har riksantikvaren utarbeidd rapporten: Kulturminner og klimaendringar, pilotprosjekt –Aurland kommune. Denne finn de her på denne sida under «relevante publikasjoner»:

Svein Indrelid heldt eit engasjerande føredrag om samkvem mellom aurlendingar og holingar i eldre tider, og driftehandelen. Aurland kommune blei oppmoda til å ta med driftehandelen i kulturminneplanen, i samanheng med stølar/ stølsdrift. Innspel om at driftehandelen fortener større merksemd i form av utstillingar, innsamlingsarbeid og skrift.

Morten Clemetsen tok publikum eit steg vidare fram i tid, med fokus på korleis ein kan bruke Kulturminna i Aurlandsdalen i framtida. Det er eit stort frivillig engasjement i Aurlandsdalen, og me fekk sjå mange bilete av det store dugnadsarbeidet på 90-talet. Kunnskapen om kløvjahesten/ kløvjavegen blei spesielt nemnd som noko ein kan ta tak i og formidle.    

Mat og prat: Sogelaget hadde sytt for at det var nok av gode kaker å bite i for alle, og kaffitraktarane gjekk for fullt. Til slutt blei det opna for spørsmål og diskusjon innan det som var temaet for kvelden. Me fekk gode innspel på til dømes stadnamn, kor viktig det er å halde det ope kring tufter/ andre kulturminne, og å nytte dialektord i planarbeidet.

Aurland kommune og Aurland Sogelag takkar ABU for lånet av kantina, dei dyktige foredragshaldarane, og alle som trossa uveret og tok turen denne kvelden.

Sjå også: Ei historisk reise i Aurlandsdalen