– Det er veldig imponerande at alle har teke utdanning i brannvern. Det tyder på topp motiverte folk og ei god leiing. Aurland brannvesen er eit døme til etterfølging, seier Agnar Kristensen, seksjonssjef for undervising på Norges brannskule.

Brannsjef i Aurland kommune, Reinhardt Sørensen, seier dei ikkje hadde klart å gjennomføra dette grunnkurset utan politisk velvilje. 

– Brannvesenet i Aurland er ein utruleg viktig institusjon, det veit kommunen som har løyvd ekstra midlar for å få eit best mogleg kompetent brannvesen i kommunen, seier han og får støtte av leiar i brannstyret, Johannes Dalsbotten.

Tor Mikkel Tokvam, sivilingeniør i Aurland kommune, seier grunnkurset har vore godt tilpassa lokale forhold, der dei har gjennomført fleire store øvingar. 

– Me har samla alle brannkonstablar til kurs her i Aurland, i staden for å sende ein og annan på samlingsbasert kurs andre stader i fylket. Kurset er nokså omfattande (208 timar), så det har nok vore ein fordel både for mannskapa og kommunen med ei slik løysing. Mannskapa har ofra mange kveldar og helger i løpet av det siste halve året, så dei fortener ros for gjennomføringa. No er me 12 nyutdanna brannkonstablar, og totalt 21 mannskap med gjennomført grunnutdanning. Det er 100 prosent dekning! Det er det ikkje mange andre brannvesen i landet som kan skilta med, seier Tokvam.