Tenesteleiar:
Kari Voldum
Tlf. 57 63 18 60 / 959 846 55
Adresse:
Aurland Helsetun
Skjerdalsvegen 31
Kontortid:
Måndagar og torsdagar
kl.08.00 – 15.30
Dagleg leiar:
Grete Helene Sæterdal
Tlf 95 98 46 42
Soneleiarar:
Aurland /Vassbygdi/Gudvangen:
Inger Lise Dale
Tlf 95 98 46 27
Flåm/Undredal:
Marit Irene Aas Nesheim
Tlf. 95 98 46 41
Sitat frå brukar:
"Her er det jammen godt å vera"
Aktivitetstilbod for heimebuande personar med demens og kognitiv svikt.
Dagtilbodet er for heimebuande personar som har fått diagnose eller er under utgreiing. Me har plass til 4-5 brukarar på måndagar og torsdagar. Me held til i lyse og fine lokal i 2 etasje i den gamle delen av sjukeheimen i Aurland.
Målsetjinga er at dei som brukar tilbodet skal trivast og kjenne seg trygge og ivaretekne. Isolasjon og einsemd er eit aukande problem for mange. Gjennom sosiale aktivitetar, skapar ein tryggleik og trivsel.
Aktivitetane er mange, og me planlegg gjerne utifrå årstidene. Hentar oss juletre, bakar, lagar fastelavnris og påskepynt. Om hausten saftar og syltar me. Andakt, trim, ordleikar og bingo når det passer. Me besøker bedrifter og andre næringar i kommunen. Minner frå gamle dagar som bilete, utstyr, musikk, lokalhistorie, bøker er ein viktig del av dagen.
Kjøkkenet på Helsetunet lagar god middag til oss som me et ilag i kantina.
Me reiser også på turar til kjende stader i kommunen som vekkjer minne hjå brukarane. Det kan vere ein støl, ei hytte, eit vatn eller vi besøker nye stader. Vi tek med oss niste og kaffi og nyt naturen.
Brukarane deltek aktivt i planlegginga og gjennomføring av ulike aktivitetar.
Prisen er 106,- pr. dag og inkluderer transport, frukost , middag og kaffe.
Kan detta vera noko for deg , eller kjenner du nokon som kan ha nytte av tilbodet?
Ta gjerne kontakt for meir informasjon med:
Dagleg leiar Grete Helene Sæterdal -
tlf. 95 98 46 42
Soneleleiar Inger Lise Dale -
tlf. 95 98 46 27
Soneleiar Marit Irene Aas Nesheim -
tlf. 95 98 46 41

