English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Åtvaring frå E-CO

Dårleg is på regulerte vatn og vassdrag i Aurland

Usikra is

E-CO Energi åtvarar mot dårleg is på regulerte vatn og vassdrag i Aurland.

Den milde hausten og relativt tidleg snøfall har ført til at isen er langt dårlegare i år enn på same tid i fjor.

Hausten 2010 var rekordkald, med tidleg tjukk is og farbar is tidleg på førvinteren. Hausten 2011 har vore rekordvarm og generelt sett er isen mykje dårlegare enn den normalt er i januar. I løpet av dei siste vekene har snø lagt seg på den tynne isen, og det er derfor farleg å gå på isen, på mange vatn.

Å gå på tilsynelatande trygge snødekte vatn kan medføre livsfare. E-CO oppfordrar folk om å vera varsam og ikkje gå ut på isdekte vatn.

Det er satt opp fareskilt , men folk er sjølv ansvarlege for ikkje å gå ut på vatn med svekka is.

 

Kontaktinformasjon

Telefon: 57 63 29 00
Telefaks: 57 63 29 01
SMS: 959 84 649


E-post:
post@aurland.kommune.no

Besøksadresse:
Rådhuset
Aurlandsvangen

Opningstider:
Måndag-fredag 8.00-15.30

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland

Organisasjonsnummer: 964968063
Kommunenr.: 1421

Web levert av CustomPublish AS