Byrådsleiar Raymond Johansen i Aurland

Byrådsleiaren i Oslo Raymond Johansen vitja fredag Aurland, saman med mellom anna byråd for næring og eigarskap Kjetil Lund.

Føremålet med besøket var, saman med leiinga i E-CO Energi, å synfara kraftanlegga i Aurland.

Raymond Johansen hadde og møte med ordførar Noralv Distad. Ordføraren orienterte om kommunen, næringslivet og kor viktige kraftanlegga er.
Byrådsleiaren understreka at anlegga er viktige for Oslo som eigar, men og for miljøet med klimavennleg og fornybar kraft.

Oslo og Aurland samarbeider ikkje berre i kraftsaker, men og om tiltak i hamnene som kan redusera utslepp frå cruiseskip. Mulegheitene for landstraum var såleis og tema i samtalane.

 

 

Besøk 08.06.2018
Byrådsleiar Raymond Johansen, ordførar Noralv Distad og byråd Kjetil Lund
Tips ein ven Skriv ut

Kontaktinformasjon

Aurland kommune
sentralbord:

Tlf. 57 63 29 00 
SMS 95 98 46 49

Teknisk vakt utanom kontortid:
57 63 29 05


Beredskap

Besøksadresse:
Vangen 1

Postadresse:
Aurland kommune
Vangen 1
5745 Aurland