Skulebåten til Sogndal er også onsdag 4. januar innstilt og ruta vert erstatta med buss.
Avgang buss onsdag morgon frå Flåm, ved Flåm stasjon:kl. 07.30.
Avgang buss onsdag morgon frå Aurland, ved rådhuset:kl. 07.40.
Retur frå Ingafossen om ettermiddagen kl. 15.30.
Daglege pendlarar er varsla på SMS om buss for båt.
Kontaktinformasjon BNR
Vakttelefon:907 90 818 og 907 90 819
Skulebåten: 954 48 339
Kontaktinformasjon Aurland kommune utanom kontortid,
teknisk vakt 57 63 29 05
Sjekkar fjorden for drivved etter uværet
Skulebåten mellom Aurland og Sogndal er førebels innstilt tysdag og onsdag denne veka.
– Me har ikkje kontroll på korleis forholda i fjorden er etter uværet i romjula, seier skippar Einar Losnegård. I 10.30 tida tysdag 3. januar gjorde han seg klar for å inspisere fjorden nærare. – Etter såpass omfattande uvær med vind, regn og ras veit me erfaringsmessig at det er ein del rek og drivved i fjorden. Me køyrer skuleruta i mørkret med inntil 30 knop, og då kan det by på trøbbel dersom me går på drivved, seier Losnegård. Dei vidaregåande elevane frå Aurland tek buss til Sogndal tysdag og onsdag denne veka.
Melding til Aurland kommune frå Kystverket:
Kystverkets fartøy ”MS Oljevern 01” klargjøres nå for oppdrag med å søke opp og fjerne vrakgods / drivgods i Sognefjorden. MS Oljevern 01 forventes å være på plass i området klar til oppstart fra dagslys onsdag 4. jan. Oppdraget vil primært ha fokus på hurtigbåtleden i fjorden, samt omtalt ruteområde for skolerutebåt i Aurland, men hele skipsleden vil bli dekket i den grad dette lar seg gjennomføre. Dersom værsituasjon og siktforhold gjør det mulig vil Kystverkets overvåkingsfly gjennomføre en overflyvning gjennom fjorden for å kartlegge omfang og lette arbeidet for fartøyet. I løpet av torsdag 5. januar vil vi basert på de erfaringer og observasjoner som gjøres vurdere oppdragets varighet.