Tekst og foto: Arne Veum / Aurlendingen

I gjeldande vedtak heiter det at inntil 30 flyktningar skal busetjast i perioden 2016 - 2020. I vedtaket vert det lagt til grunn at seks flyktningar skulle busetjast årleg i perioden, men dette talet vart meir enn dobla i 2016. 13 flyktningar vart busette i kommunen i løpet av fjoråret.  

Vanleg stønad

Ein familie på tre vart busette i byrjinga av september i fjor, og litt ut i oktober eit nytt par til. Paret ventar barn i desse dagar og dermed var det vedtekne busetjingstalet på seks personar i 2016 mest oppnådd.  - Det er litt usikkert om barnet som vert fødd her vil verte rekna inn i måltalet, men me vil uansett få vanleg stønad etter gjeldande satsar. Dette fordi barnet er fødd innan seks månader etter at foreldra flytte hit, seier flyktningkonsulent i NAV, Linn Jeanette Underdal Skarsbø.

Innreisefrist

I utgangspunktet skulle ikkje Aurland kommune busetje fleire flyktningar i 2016, men seint på hausten kom ytterlegare ein familie på sju til kommunen. Til liks med dei som allereie var busette her, kjem også desse frå Syria. I fjor sommar fekk både Aurland kommune og Lærdal kommune spørsmål frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) om kommunane kunne busetje denne familien, som på det tidspunktet var overføringsflyktningar som budde i ein flyktningleir utanfor Syria. Overføringsflyktningar har ein såkalla innreisefrist, i dette tilfellet til Norge, som gjeld i seks månadar, og det var såleis uvisst om familien ville kunne reise til Norge dersom dei ikkje hadde fått busetjing innafor denne tidsfristen.   

Fekk napp

Både Aurland og Lærdal sa først nei til førespurnaden. For Aurland sin del var det den pressa bustadsituasjonen som var årsaka til det. - I september kom førespurnaden på nytt, og me bestemte oss for å freiste finne ei ordning med hus. Me hadde ikkje den heilt store trua, men me fekk tilbod om eit husvære som me takka ja til,  seier flyktningkonsulenten. - Det meste var planlagt og i orden, men det synte seg etterkvart at det aktuelle husværet ikkje var tilgjengeleg likevel. Det vart litt stress rundt det heile. Me nytta sosiale media for å freiste finne ein ny bustad, og jammen fekk me napp denne gonga også. Sjå nest i artikkelen.

Moglegheit for justering

For 2017 seier det kommunale vedtaket at det skal busetjast åtte personar, men då busetjingstalet i 2016 enda på heile 13 personar, kan det bety at talet vert redusert inneverande år. - Det viktigaste er at dei vedtekne måltala vert nådde, både i løpet av perioden og til slutt i fem års perioden. Når me busette 13 flyktningar i fjor, så henta me over frå årets måltal på åtte. Ved utgangen av 2017 seier vedtaket at me skal ha busett totalt 14 flyktningar, og såleis er det opning for å justere ned det vedtekne busetjingstalet for dette året. Dette er ikkje teke endeleg stilling til, og det vil mellom anna kome an på korleis bustadsituasjonen i kommunen utviklar seg, seier Linn Jeanette Underdal Skarsbø. 

10 bustadar

I eit notat gjeldande bustadsosialt arbeid uttalte NAV leiar Einar Moen for ei tid sidan at NAV vil ha trong for omlag 10 bustadar for å kunne busetje det vedtekne talet flyktningar i perioden 2016 - 2020. - Mangel på bustadar er det største og absolutte hinder for å nå vedteke bustadmål for flyktningane, heiter det i notatet.

NB! På det kommunale investeringsbudsjettet for 2017 er det sett av 2,5 millionar kroner øyremerka busetnad av flyktningar. Midlane skal nyttast til bygging av bustad til busetjing av flyktningar, men det vert opplyst at den ved seinare høve også skal vere disponibel for andre vanskelegstilte. Det er også søkt om tilskot frå Husbanken til dette bustadføremålet.

 

Stilte hus til disposisjon

Den syriske storfamilien er busette på Onstad, i feriehuset til familien Strøm.

Leigeavtalen gjeld fram til 30. mai i år, og innan den tid må familien finne ein ny stad å bu.

- Me tok det litt på strak arm, og vart samde om å leige ut, seier Erik Strøm. Tidleg i november i fjor køyrde han vestover og brukte ei lang helg på å rydde og ordne til slik at den syriske familien kunne flytte inn. Familien Strøm nyttar huset på Onstad mykje, men mest i sommarhalvåret. - Det vert ikkje påske i Aurland dette året, men det får stå sin prøve, seier Erik Strøm.  - Me jobbar med å finne hus til familien, og håpar det skal late seg løyse. Me har busett dei, og såleis har me også eit ansvar for å skaffe dei hus, seier Linn Jeanette