Vi deler artikkel i frå juliutgåva av bladet Aurlendingen. Tekst og foto: Arne Veum: 

Påmeldinga er i gang, så eit eksakt tal er vrient å gi på noverande tidspunkt, men me reknar med om lag 1300 skyttarar, sa leiar i Aurland skyttarlag, Magne Forberg då juni månad nærma seg slutten.

Reserveutstyr

Det er eit stort arrangement det lokale skyttarlaget no skal ta hand om, og planlegginga har naturlegvis føregått i lang tid allereie. – Me er godt i rute, og har fått på plass det meste av det me treng av både funksjonærar  og elles på den meir tekniske fronten, seier Forberg. Det siste gjeld mellom anna reserveutstyr som kan takast i bruk dersom noko skulle skje med den faste elektronikken. I den samanheng vurdere me også å få på plass eit større aggregat som straumleverande backup, seier Forberg. Det meste som ein rår over reint menneskeleg er altså på plass og under kontroll, men vær og vind ligg heller ikkje innanfor det som skyttarlaget sin arrangørstab kan gjere noko med. – Me garderer oss som best me kan, men kryssar fingrane for at både vær og anna spelar på lag gjennom dei fem dagane det skal skytast på Låvi.

Fleire stemner

Det er eit hektisk skyteprogram desse dagane, og Norgescup-arrangementet inneheld også stemner både i Sogndal og på Hafslo. – Tidsplanen vert viktig då skyttarar skal vidare til andre stemner i regionen. Det skal ikkje store problem til før ein er ute å køyrer reint tidsmessig, og difor har me mykje fokus på dette, og vurderer mellom anna å få på plass ekstern straumforsyning i form av eit stort aggregat som kan nyttast dersom noko skulle inntreffe på det faste nettet. Ting må helst gå som planlagt, seier Forberg, som rår over ein kompetent kjerne av medspelarar i den sentrale arrangørstaden. – Me arrangerte norgescup i på slutten av 1990 talet, og fleire som var med på det arrangementet er også med no. Det betyr at me har opparbeidd kompetasen på slike arrangement, og det dreg me vekslar på no, seier Forberg.

Bubilar og campingvogner

Dersom den tekniske kapasiteten vert strekt til sitt ytste kan 1600 skyttarar i løpet av dei tilmålte dagane skyte sine seriar på Loven skytebane. Den lokale arrangørstaben håpar på eit deltakartal opp i mot dette, men reknar altså med at det mest realistiske er at om lag 1300  skyttarar kjem innom Aurland for å skyte i tidsrommet frå tysdag 25. til laurdag 27. juli. I forkant, helga før, skal skyttarar frå dei lokale arrangørlaga gjere unna sine baneskytingar slik at dei kan ta del i arrangementsgjennomføringa. Parkering er eit anna moment som det må planleggjast godt for. - Mange av skyttarane er på veg til Førde og landskyttarstemnet som byrjar siste helga i juli, og det betyr nok at ein del kjem med bubilar og campingvogner. Sjølv om det er relativt god plass ved skytebana på Låvi, så kan me ikkje har for mange slike køyretøy der samstundes. Difor etablerer me ei alternativ parkeringsløysing på  Aurland Energiverk AS og ved Aurland Energibygg AS sine areal i Lovishagane. Om denne må nyttast vil me truleg setje opp tilbringarteneste, seier Forberg.

Sponsorar

Aurland skyttarlaget har fått med seg gode lokale sponsorar og her finn ein både Flåm AS, Flåm Utvikling AS  og The Fjords. – Vil arrangementet gi gode inntekter til skyttarlaget? – Det ligg inntekter i botn av dette, og me håpar å kunne sitje att med eit greitt overskot til vidare lagsdrift. I tillegg betyr dette at me også får eit fint høve til å oppretthalde og utvide kompetansen vår på slike store arrangement. I tillegg vil dette arrangementet bety at me får synt fram kommunen vår på ei flott årstid, og eit anna pluss er jo at det gjennom desse dagane garantert også  vil drype nokre kroner på overnattings- og andre serviceverksemder i kommunen, seier Magne Forberg.

NB! I tidsrommet 26. – 28. juli skal det også avviklast norgescup i felthurtigskyting i Vassbygdi. Det er skyttarlaga Tønjum og Knipenborg som er arrangør, men dei låner område og skytebaneanlegg i Vassbygdi til dette.