English Deutsch  
A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Lytt til teksten:

Brann, redning og feiing

Teknisk vakt/brannvakt: 95 98 46 00 / 57 63 29 05
Naudnummer: 110  

Aurland brannvern skal på kort varsel rykkja ut ved brann, trafikkuhell og andre akutte hendingar. Brannvesenet er bygd opp etter forskrift om organisering og dimensjonering av brannvesen som bygger på tal innbyggarar og type risiko ein har i kommunen. Brannvesenet har ikkje kasernert vakt, men er basert på utkallingsmannskap som er tilsett på deltid.

Andre arbeidsoppgåver for brannvesenet er:

  • førebyggjande arbeid som feiing og tilsyn i bustader
  • tilsyn i særskilte brannobjekt
  • informasjon og brannøvingar til publikum

 

Førebyggande arbeid som feiing og tilsyn i bustader

Kommunen har ikkje eigne feiarar, og kjøper tenestene eksternt.
I desember gjennomfører brannvesenet Aksjon Bustadbrann, der brannvesenet besøker bustadar i kommunen og tilbyr ein gjennomgang av branntryggleiken i heimen.
Oversikt over feie og tilsynsgebyr

Tilsyn i særskilte brannobjekt 

Særskilt brannobjekt er eit brannobjekt som fell inn under § 13 i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulukker (brannlova). Dette er byggverk der brann kan medføra tap av mange liv eller store skader på helse, miljø eller materielle verdiar. Kommunen identifiserer og fører tilsyn med desse objekta.

Tilsyn er kontroll og oppfølging av brannobjekt for å sjå til at krav i brannlova med forskrifter, samt internkontrollforskrifta, vert halden. Ordinært tilsyn inneber ei vurdering av alle tilhøve som kan påverka risikoen for brann og om dei tiltaka som er iverksatt for å avgrensa konsekvensane ved ein eventuell brann er tilstrekkelege. Det vert også stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekt.

Eigarar av bygningar skal syte for naudsynte sikringstiltak for å førebyggja og avgrensa brann, eksplosjon eller anna ulykke. I tillegg til eigarar har også brukarar plikt til å syte for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike tryggleiksanlegg i forsvarleg stand. 

Kommunen melder vanlegvis tilsynet på førehand, men også uanmeld tilsyn kan gjennomførast. Brannvesenet vurderer då alle tilhøve som har relevans for branntryggleiken - både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom tiltaka ikkje vert vurdert som tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytte andre reaksjonsmidlar.

Tilsynsfrekvensen vert særskilt vurdert etter risiko.

Web levert av CustomPublish AS