Tilsyn i særskilte brannobjekt
Eigarar av bygningar skal syte for naudsynte sikringstiltak for å førebyggja og avgrensa brann, eksplosjon eller anna ulykke. I tillegg til eigarar har også brukerarar plikt til å syte for å halde bygningstekniske konstruksjonar og ulike sikkerhetsinnretningar i forsvarlig stand.
Kommunen identifiserer og fører tilsyn med såkalte særskilte brannobjekter. Dette er byggverk der brann kan medføra tap av mange liv eller store skader på helse, miljø eller materielle verdier. Det vert også stilt ein del bestemte organisatoriske krav til drifta av særskilte brannobjekter. Tilsynsfrekvensen er:
- bygningar og område der brann kan medføre tap av mange liv – minst ein gong kvart år
- bygningar, anlegg og likinande som representerar ein særlig brannfare eller der brann kan føre til store samfunnsmessige konsekvensar – minst ein gong kvart år
- viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg – minst ein gong kvart fjerde år
Kommunen melder vanlegvis tilsynet på førehand, men også uanmeldt tilsyn kan gjennomførast. Brannvesenet vurderar då alle tilhøve som har betydning for branntrygleiken, både tekniske og organisatoriske tiltak. Dersom tiltaka ikke vert sett på å vere tilstrekkelege, kan brannvesenet gje pålegg om retting/utbetring eller nytta andre reaksjonsmidler.
Særskilt brannobjekt er eit brannobjekt som fell inn under § 13 i Lov om vern mot brann, eksplosjon m.v.
Tilsyn er kontroll og oppfølging av brannobjekter for å sjå til at krav i HMS-forskriften og i Lov om vern mot brann, eksplosjon mv., samt forskrifter heimla i denne vert halden. Ordinært tilsyn inneber ein vurdering av alle tilhøve som kan påverka risikoen for brann og om dei tiltaka som er iverksatt for å avgrensa konsekvensane ved ein eventuell brann er tilstrekkelege.
Oversikt over feie og tilsynsgebyr