Dei må utføra både politioppgåver og førstehjelp.

Dette var og tilfelle fredag 26. juni 2015 då det var ei bilulukke på E 16 mellom Aurland og Flåm.

Loggen frå Alarmsentralen syner at brann og redning var framme 8 minutt etter motteken alarm.

NRK Sogn og Fjordane oppgav 30 minutt på si nettside, på grunnlag av intervju med trafikant som var med på å yta hjelp.  NRK vart dagen etter gjort merksam på feilen og føretok straks korrigering i nettartikkelen.  Mange hadde likevel lagt merke til den første versjonen, og me ønskjer difor å få fram det faktiske forholdet.

Brannsjef Reinhardt Sørensen seier at Arland brann og redning heile tida har høg beredskap og kjem raskt fram til ulukkesstaden.  Dei situasjonane som møter oss er ofte  krevjande, men me har ei innstilling om å yta all den hjelpa me kan.

Ordførar Noralv Distad seier at Aurland brann og redning gjer ein eineståande innsats og er uunnverleg for å gje naudsynt hjelp og vera ein tryggheitsfaktor.  Men me forventar at politi og ambulanse kjem raskare fram enn tilfellet ofte er i dag, understrekar ordføraren.