Ordførar Noralv Distad orienterte om Aurland kommune og korleis norske kommunar er bygde opp og fungerer.

Ordføraren framheva og det gode samarbeidet mellom Sør Korea og Noreg, og peika særskilt på at det kjem svært mange turistar til landet vårt og ikkje minst til Aurland.  

Ordførar Kwon, Sang frå Yesan sa at dei har hatt stort utbytte av turen til Norge og at det var svært interessant å få informasjon om verksemda i ein  mindre kommune med stor aktivitet.