Her er ordføraren si helsing; 

Aurlandsvegen 50 år
1.
juli 1967 er ein av dei største dagane i Aurland si historie.

Eit enormt engasjement frå bygdefolket med folkemøte, avisinnlegg og  veg- og aksjonsnemnder resulterte i veg over fjellet frå Aurland til Lærdal.  Då er det klart at sjølve opningsdagen vart ein stor festdag. Ein ny veg var klar til bruk, bygd for ein meterpris på 87 kroner – samla sum 2, 3 millionar kroner.

I dag er det mange som fortener stor takk.

 Ordførar Ragnvald Winjum engasjerte seg sterkt i saka og fekk kommunestyret med seg på det avgjerande vedtaket i 1962. Kommuneingeniør Per Selboskar planla og stakk vegen, styrde heile byggjeprosessen og fylgde opp med drift og vedlikehald då vegen var ferdig. Dei tok leiaransvar, men hadde utruleg mange støttespelarar og hjelparar med seg. Takk til alle dei som kjempa fram dette veganlegget!

Lokalavisa Sogningen/Sogn Avis arbeidde aktivt for denne vegen. Det er sagt at deira engasjement fekk stemningen dit at det var denne vegen ein måtte byggja først. Ein kan seia mangt om avisene, men her gjorde dei ein god jobb.

 Eg vil retta stor takk til dei som var med på skaffa midlar til vegen, dei som gav fri grunn, dei som stakk og bygde vegen, dei som tok inn bompengar og dei som har utbetra,  halde vedlike og brøyta vegen etter opninga. Og til dei som har vore sjåførar på bussruta over fjellet.

På 1960-talet var det mange vegkrav i Aurland, og svært mange som var veglause. Det var ikkje lett å prioritera.  Men det store fleirtalet gjekk for å byggja veg over fjellet til Lærdal.  Slik vart det, og heldigvis har dei andre vegkrava vorte innfridde etter kvart.

Veg til omverda var det sjølvsagt  det viktigaste, men elles var mange opptekne av den verdi vegen ville få som turistveg.

Vegen vart straks svært populær. Trafikken har vore stor heile tida, og i dag er det ein av dei mest populære turistvegane i landet.

Aurland måtte sjølve ta det tyngste løftet for å få bygd denne vegen. Aurlendingane trør alltid til når det trengst. Slik var det den gongen, slik er det framleis.

 Kommunen finansierte planlegging og stikking.  Aurland kommunestyre tok så ansvar for heile prosjektet.  Innbyggjarane gav tilsaman 300 000 kroner som lån, og betalte bompengar då vegen opna.  Tilskota frå Oslo Lysverker og Landbruksselskapet var sjølvsagt og til god hjelp.

No er vegen fylkesveg og nasjonal turistveg. Det må takast nye tak for å utbetra vegen slik at trafikken kan gli lettare og tryggare.

 Aurlandsvegen er klar for 50 nye år og meir enn det.  Me er utruleg stolte over dette eventyret av ein veg.

Gratulerer med dagen !

 Det har den siste tida kome inn ein god del avisutklipp og bilete. Dette vert teke vare på og kan bli utstilt seinare.