Aurlandsprisen skal tildelast ein person, verksemd eller eit lag / ein organisasjon som har lagt ned ein stor innsats gjennom lagsarbeid, verdiskaping, vidareføring av kulturelle tradisjonar og kulturelle uttrykksformer, lokalhistorisk arbeid, kunstnarleg verksemd eller arbeid for born og ungdom.

Viss du kjenner nokon du meiner bør få Aurlandsprisen i år, kan du sende eit brev eller ein e-post til kommunen med framlegget ditt. 

Framlegg på kandidatar til Aurlandsprisen skal sendast Aurland kommune, Vangen 1, 5745 Aurland eller e-post: post@aurland.kommune.no
Framlegg som manglar grunngjeving, vert ikkje vurderte.

Frist for å sende inn framlegg er 12. november.

Statuttar for Aurlandsprisen finn du her 
Oversikt over tidlegare prisvinnarar finn du her