I meir enn 33 år har Eilef Arne Vikesland hatt fotografering både som hobby og arbeid. Interessa for fotografering tok til i gutedagane, men det var først som godt vaksen at han såg moglegheita av å leve av kameraet. Eilef Arne tok ei avgjer om å prøve dette, og produserte tre kort med ulike motiv. Det var svart/kvitt bilete som var mest vanleg på den tida. Ideen om lage prospektkort passa godt i tida då turismen i kommunen var i god utvikling. Desse tre bileta har seinare vore med i samlinga av prospektkort i alle år. Dei har vore populære.

Produksjonen vart no etter kvart utvida frå å gjelde prospektkort, til òg å omfatta både bilethefte og kalendrar. Bilethefta kom i gang som ein ide om å marknadsføre kommunen gjennom naturmotiv frå ulike kantar av kommunen. Bilethefta har vore god marknadsføring av reiselivskommunen Aurland. Det har vore mykje etterspurnad etter dei tre nyaste hefta, og særleg utgåva som heiter «New Collection». Dei har stadig vore trykte opp i nye opplag. Tal selde eksemplar, fordelt på ulike utgåver av desse, har no runda 100 000. 

Dei årlege kalendrane har vore særs populære, òg hjå aurlendingane. I år laga Eilef Arne to suvenirkalendrar med bilete som har vore med før. Desse kalendrane var laga meir for turistane, og mest alt vart selt ut i sommar. 

Eilef Arne har hatt mange samarbeidspartar opp gjennom åra. Då Flåmsbana var nedleggingstruga i byrjinga på 1990-talet, reiste Eilef Arne til NSB i Bergen. Han hadde med seg bilete som synte Flåm og områda omkring. Han fekk selt bilete, og seinare har han òg fått eit godt samarbeid med Flåm utvikling. I tillegg har han utvikla eit godt samarbeid med turistområda Voss, Bergen og Hardanger. 
Eilef Arne har òg selt prospektkort til tyske cruiseskip som Europa og Berlin.

I 2000 laga Eilef Arne reklamefilm som vart sponsa av Flåm utvikling. Elles må det nemnast at Flåm utvikling gjennom Bengt Hammar har vore ein god ambassadør for bileta til Eilef Arne. Bengt Hammer har teke med seg ein del av produkta til på sine reiser rundt om i verda og marknadsført kommunen sin flotte natur. Særskilt har Aurland vore promotert i Asia.

Det har vore ei stor utvikling frå lysbilete, til film og no som digital fotografering. Det viktigaste i arbeidet som fotograf har vore å leggje vekt på å skildre områda som turistane reiser i. Motiva har vore mange, og dei har vore populære; fjordlandskapa, fossane, Flåmsdalen, men òg eit bilete av ein killing. Biletet vart teke ein gong på 1980-talet, men er like populært i dag.
I dag har Eilef Arne nådd pensjonsalder, men har ikkje planar om å slutte med fotograferinga. Han har nokre faste kundar som han har avtale med om levering av prospektkort og bilethefte til. Ein del av dei faste kundane gjennom mange år har vore ein del ut av næringslivet i kommunen. Elles har han mykje og takke dei faste kundane for som har vist han tillit. Takka vere det gode samarbeidet med desse, så har han lukkast med arbeidet sitt. Det syner tal selde prospektkort, som i sommar nådde ein milepæl med fem millionar selde kort. 

Me er stolte over å kunne heidre innsatsen til Eilef Arne Vikesland med Aurlandsprisen for 2017

 

Bilete til Aurlandsprisen er laga av biletkunstelev i Aurland musikk og kulturskule, Sandra Grønsberg, 8 år.